MOLDROK –  om mold, mat og landbruk

Innvandraren som vart fastbuande

13. oktober 2017 | Dessutan

AA POTETEN er en makeløs frukt… Den trosser været og tåler meget, får den litt pen behandling av mennesket lønner den femtenfoldig igjen. Se, poteten har ikke druens blod, men den har kastanjens kjøtt, den kan stekes eller kokes og brukes til alt. En mann kan være brødløs, har han potet så er han ikke matløs. Hva krever den av suvl?
Desse orda frå Knut Hamsuns Markens grøde – jubileumsboka frå 1917 – er på sin plass no i potetopptakingstida. I haust feirar vi elles 500 år sidan Reformasjonen, 100 år sidan den russiske Revolusjonen, men kanskje ikkje at det er 450 år sidan den første beviset på poteter i Europa (medrekna Kanariøyane).

POTETA KJEM TIL EUROPA. Poteta stammar frå Andes-fjella, der ho har vore dyrka i minst 5000 år. Der finst meir enn 160 knollberande artar i slekta. Conquistadorane melde heim frå Sør-Amerika om høge sivilisasjonar bygde på ukjente planter som «ein slags trøflar», det vil seia poteter, mais og bønner. Bare eit lite tiår etter den første meldinga kom poteta til Europa via Kanariøyane. Alt i 1567 er det skriftlege bevis på potetdyrking der, og i desember 1573 kjøpte sjukehuset i Sevilla inn poteter til jul. Både kjøparen og tidspunktet er verd å merke seg. Kvifor eit sjukehus? Fordi ho var rekna som ein medisinplante. At sjølvaste St. Teresa av Ávila i 1578 vart frisk etter å ha ete poteter, fekk stor innverknad.

KVIFOR POTETER TIL JUL? Poteta var ikkje tilpassa lange sommardagar på 40 gradar nord i Spania, langt mindre på 60 i Noreg. Som ei såkalla ’kortdagsplante’ sette ho først knollar frå august-september, og berre lengst sør unngjekk ho då frosten, med opptak seinhaustes. Det same gjaldt i Irland, dit ho kom i 1606. Då var ho alt ein eksklusiv julegrønsak i europeiske hamnebyar som London. Shakespeare skjemtar med poteta i stykket Dei lystige koner i Windsor, først oppført i naudsåret 1596. Med vink til Bibelens manna seier Falstaff, – Lat himmelen regne poteter!
Som folkeføde fylgde ho religiøse brytingane på 1600-talet. Klostera til Teresas mot-reformerte karmelittorden la vekt på sjølvberging, og dei tok poteta frå Spania til Holland. Då Trettiårskrigen tok slutt i 1648, blei protestantane potetmisjonærar nr. 1.

NÅR VART POTETA tilpassa klimaet? Men at poteta vandra nordover treng ikkje tyde på at ho vart tilpassa lange dagar. Låg temperatur kan nemleg stimulere knolldanning i lange dagar. Pussig nok vi veit ikkje så mykje om kva eller når poteta vart genetisk tilpassa. Den folkelege motstanden tok òg tid. I 1750 vart poteta forboden i Frankrike, fordi ho kunne gjera folk spedalske. Knollane avbilda den gong er nemleg knudrete, som fulle av svulstar. Dette kan tyde på at poteta hadde ein ujamn vekst og enno ikkje var tilpassa dagane i nord.

OG POTETGRAVINGA var seinare enn i dag. Då den kjende potetpresten Hertzberg gav ut boka si om potetdyrking i 1764, tilrådde han opptak så seint som råd på hausten, gjerne i november om mogleg. I Kviteseid kultursoge skriv Aanund Olsnes at i 1812 øydela frostnetter frå 3. – 5. september avlingane. Folk hausta heilt ned til to fald av ofte umogne knollar. I dag ville dette berre ført til at riset vart svidd ned, utan avlingsskade. Alt tyder difor på at poteta var svært sein, og tidlege sortar ikkje eksisterte.

 MEN POTETA VEKS ÒG på øya Chiloë, på 43 grader sørleg breidd i Chile. Om poteter derifrå hadde kome til Europa, ville dei klart seg godt, for dei var tilpassa lange dagar. Skipsreisa ville vera i lengste laget for knollane, men det er tenkeleg – og mykje diskutert – om poteta nådde Europa derifrå. Først i 2008 vart dette avklara. Poteter frå Chiloë skil seg ut ved ein mutasjon, og i DNA frå poteter i gamle herbarium finst ikkje den før i 1809. Før det er alle frå Andes, men etterpå auka Chiloëtypen sterkt og har vore mest einerådande sidan sist på 1800-talet. Kanskje poteta ikkje vart eigentleg tilpassa her, før dei kom hit på ny frå Chiloë? Kva om dei hadde kome på 1500-talet, ikkje dei ueigna frå Andes? Korleis hadde då historia sett ut?

POTET, KLØVER og C-vitamin. På 1700-talet var poteta med på å leggje kalorigrunnlaget for den industrielle revolusjonen i England. Utan kunne ikkje jordbruket ha fødd ein arbeidarklasse. Kring 1780 fekk ernærings- og folkeopplysaren Parmentier kong Ludvig den 16. til å setje poteter i Versailles, flankert av Marie Antoinette. Likevel kom poteta først i bruk under Napoleon. Ropet på brød tende den franske revolusjonen, men kva om folk hadde hatt poteta? Året for den første tidfesta potetdyrkinga her til lands er 1757-58. Rett nok kom poteta inn til sørlandskysten og truleg Solør før dette, men då har vi tre skriftlege kjelder:

  • Den 31. mai 1757 noterte tollskrivar Niels Aalholm på Hove gard på Tromøya: ”observeret Potatoes at opkomme”.
  • I 1757 må gullsmed Engebret Michaelsen Mandt ha dyrka poteter i Kragerø, for i 1758 dyrka han JordÆbler på garden «Haatveit i Mo» i dagens Tokke kommune. I 1759 skreiv han ei melding om dette i eit opplysingsblad i København – ei av dei første forsøksmeldingane i norsk landbruk.
  • I 1758 fekk prost Peder Hertzberg ”en hat fuld hos provst Atche i Kinservig” (dvs. Ullensvang prestegard).

 LIKE VIKTIG SOM KALORIANE var ho som C-vitaminkjelde. Kanskje var det difor Teresa vart frisk? Som skipskost mot skjørbuk kom poteta alt i år 1600 til Kina, i 1620 til USA. Kring 1750 år kan annankvar nordmann ha hatt skjørbuk delar av året, og gravide og nyfødde var særleg utsette. Kring 1770 avviste bønder i Sunnhordland Hertzbergs eldhug for poteta. Ho gjorde konene for badnalege – fruktbare! Men han fekk rett i at ”nøden og trangen dog er i stand til at overvinne innvendingene”. Han sytte til og med for kundar: Eit potetetande tysk kompani i Bergen gav sunnhordlandsbønder god avsetning. Dårlege kornår i 1760-åra og 1771-72 sette fart i avlen. Då fanst ho altså ei rekke stader, særleg langs sørlandskysten, der dei lettast kunne få tilgang til settepoteter. Sidan virka ho med til den store folkeauken frå 1815.

POTETA STÅR I DAG for tre prosent av kaloriane i kosten, som er mindre enn for 200 år sidan (før heimebrenning vart lovleg i 1816). Ein potetlapp ved huset fortel at den som bur der er pensjonist. Men samstundes er det ingen matvekst som aukar så mykje på verdbasis, især i tropiske land. Så tru ikkje at poteta er passè!

Åsmund Bjørnstad
Professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.