HØYR!

– Jærbøndene er førebudde

12. januar 2024

Han må jo tora å sjå oss i augene etterpå.

Ei ny og skjerpa gjødselforskrift er rett rundt hjørnet. Håkon Varhaug trur det skal gå bra.

Bothild Å. Nordsletten

Til NRK i romjula varsla landbruks- og matminister Geir Pollestad skjerpa gjødselforskrift i februar. Håkon Varhaug, leiar i Varhaug Bondelag i Hå, landets mest husdyrtette kommune, tar meldinga med fatning.

– Dette er eit varsla uvêr. Tradisjonelt er me budde på slikt, her på Jæren. Det nyttar iallfall ikkje å grava seg ned av mørke skyer på horisonten. Overlevingsinstinktet slår inn med så mange kriser som det er nå. Me har lenge visst at det kjem ei ny gjødselvareforskrift og har førebudd oss som best me kan. Det er i grunnen det me alltid gjer i landbruket; førebur oss.

Varhaug utdjupar.

– Jærbonden har ei enorm evne til å snu seg rundt fort. Og så har me Geir Pollestad som minister. Han må jo tora å sjå oss i augene etterpå. I tillegg har me ein miljøvernminister frå Stavanger. Så eg er veldig optimistisk.

Litt atterhald er det likevel å spora hjå lokallagsleiaren, men han set sin lit til næringa på Jæren.

– Kanskje har me for mykje trua på Geir (ministeren, red.merk.). Kanskje har me for mykje roen. Men Rogaland har iallfall gjort eit fantastisk arbeid på førehand med eit eige utval som har utarbeida eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om fosforbalansen i jorda og på gardsnivå.

Ifølgje Varhaug har også mange bønder rigga seg privat for strammare gjødselreglar.

– Mange har leigd meir jord enn dei treng i dag, med tanke på det som skal skje. Eg har gjort det sjølv.

– Landbruksdirektoratet har føreslått eit spreieareal på minst seks dekar dyrka mark per gjødseldyreining, opp frå dagens fire. Miljødirektoratet har føreslått ennå meir. Kva la du til grunn då du leigde jord?

– Me la oss midt i mellom dei to forslaga.

– Blir det meir rift om jorda når den nye forskrifta kjem, trur du?

– Det er vanskeleg å seia. Me anar jo ikkje dei konkrete konsekvensane av den ennå. Det blir lettare å vurdera når forskrifta skal på høyring. Elles kunne jo biogass vore ei løysing for lenge sidan, men der skjer det ingenting.

Varhaug brukar kjent bondelagssjargong i oppmodinga til biogassaktørane.

– Få ut fingeren.

– Mange er uroa i påvente av nytt regelverk. Kva råd har du til kollegaene dine?

– Forskrifta skal på høyring. Bruk dei høyringskanalane du kan. Bruk styrken i faglaga våre. Engasjer deg. Og for all del ikkje grav deg ned. Ta kontakt med lokalt bondelag, så me får rette opplysingar om konsekvensen for kvar einaste gard.

– Strengare gjødselreglar har ført til voldsame bondeopptøyar i Nederland. Kan det same skje i Hå?

– He, he. Me er jo heldige, for i Noreg er det fokus på fosfor. Men dreier merksemda seg til nitrogen om nokre år, då kan mykje skje. Men ikkje før det. Når krava er faglege, oppfører me oss. Blir krava usaklege, så er me ikkje trygge å ha med å gjera.