BOKOMTALE:

Jordbruket kan fø verda

8. mai 2024 | Dessutan

Nyutgåva av grunnboka om jordbrukets plass i verda byr på velkomen og høgaktuell lesnad.

Åsmund Bjørnstad

“Eit ‘post-agrikulturelt’ samfunn, der jordbruket er tilbakelagt, finst ikkje», sa eit klokt hovud ein gong i 1990-åra.

Eg minnest eit møte for jordbruksforskarar den gong, i Skåne i Sverige. ‘Vi kan ikkje halde fram med å dyrke korn her, slike «massevarer» må vi kjøpe der det er billigare’, var omkvedet. Få veker etter, på eit møte i Italia, høyrde eg det same sagt om den fruktbare Po-sletta.

Med boka Kan jordbruket fø verden? (2007) gjekk Christian Anton Smedshaug i holmgang med slike syn. Året etter kom finanskrisa, og kornprisane steig brått. Verda var endra. Boka har sidan vore ei grunnbok på norsk for å forstå ikkje berre vår eigen, men global jordbrukspolitikk.

Kan jordbruket fø verden?

Faksimile: Kan jordbruket fø verden? Jordbruket og kampen om ressursene, Christian Anton Smedshaug, Universitetsforlaget 2023

Ikkje som andre varer

Verda er på mange vis forenkla. Ingen diskuterer lenger om mat er viktig, ikkje berre som næringsmiddel, men òg som strategisk råvare og politisk reiskap. Mat er ikkje som andre varer. Land som lever av ris, har heile tida visst kor viktig risprisane er. Statlege kornforretningar vart ikkje lagt ned der, slik som her i landet. Krigen i Ukraina har lært oss at det kanskje ikkje var så lurt. Sjølv vårt vesle såkornlager av havre kjem vel med etter uåret i fjor. For norsk sjølvforsyning er det få snarvegar. Trass i høge mål om 90 % norsk korn i norsk matmjøl, så er RÅK-importen av ferdige kornvarer så stor at vi knapt når meir enn 55-60 % av forbruket.

Like aktuell

I den nye utgåva av boka – med den nye undertittelen «Jordbruket og kampen om ressursene» – fangar Smedshaug opp dei mange endringane og sannsynlege vegar framover. Frihandelsdrøftingane i WTO synest nesten gløymde. No gjeld det varestraumar, seljarar, kjøparar og fraktkapasitetar. Kven leverer til kven, og kven tener på selje? Bør matsikkerheit bygge på sjølvberging, landet eller verdsmarknaden, har hatt vekslande tyngdepunkt: Den historiske innsikta boka gav i 2007, er vidareført i 2023-utgåva, der frihandel gjennom WTO er avløyst av den uklare stoda i dag.

Inspirert av New Deal, Keynes og nye idear om ein aktiv stat, held forfattaren fast på to hovudsaker: At jordbruket treng industrien, og at begge treng tollvern. I jordbruket må ein kunne jamne ut varige naturgjevne skilnader i produktivitet. Industrien må kunne ha «oppfostringstoll» inntil den kan konkurrere, slik USA nyleg har etablert gjennom Bidens Inflation Reduction Act. Begge må kunne vektlegge beredskapsomsyn.

Mat til fleire: Jordbruket har størst<br />
potensial i Afrika, og å løyse ut dette er<br />
ikkje minst i Europas interesse, meiner<br />
forfattar Christian Anton Smedshaug.<br />
Illustrasjonsfoto: Istock/peeterv

Mat til fleire: Jordbruket har størst potensial i Afrika, og å løyse ut dette er ikkje minst i Europas interesse, meiner forfattar Christian Anton Smedshaug. Illustrasjonsfoto: Istock/peeterv

Kva med klimaet?

Boka drøftar sjølvsagt jordbrukets rolle i klimaendringane, både som årsak (utslepp og areal) og som løysing (driftsmåtar og matforsyning). Ingenting lar seg løyse utan det siste, men Smedshaug er ingen pessimist! Frå 2000 til 2021 steig verdas kornproduksjon med 52%, eller vel 2% i året. Skulle den p.g.a. netto «klimatap» gå ned til 1,4 %, vil vi i 2050 likevel ha 50% meir korn til disposisjon. Å fø ti milliardar er innanfor rekkevidde, om folk og land så langt dei kan får høve til å fø seg sjølve, meiner han. Kunnskapane og investeringsevna i mange land er  heilt annleis enn i 1960-åra, då matproduksjonen skifta gir i Den grøne revolusjonen. Ei tilsvarande, men meir lokal prioritering både kan og må skje igjen. Størst uvisse er knytt til utviklinga i Afrika. Sidan 1980-talet har Verdsbanken og andre lenka verdsdelen til råvareeksport frå landbruket og import av billige industrivarer. Det gjorde afrikanske statar fattigare, med aukande import av nøkkelvarer som ris og kveite. Framleis høge fødselsratar og lågt utdanningsnivå held også jordbruket nede. Jordbruket har størst vekstpotensial i Afrika, og å løyse ut dette er ikkje minst i Europas interesse.

«Å fø ti milliardar er innanfor
rekkevidde, meiner Smedshaug.»

Åsmund Bjørnstad

Skjer det, er Smedshaug er lite engsteleg for folkeauken, eller fallet i viktige jordbruksland som Russland. Etter mi meining undervurderer han spekulasjonen med jordbruksvarer. Ein spekulant selje før varene blir levert, elles kan det gå som med børshaien som brått stod som eigar av tusen kyr i Texas. Difor vil reell tilbod og etterspurnad styre til sist, meiner Smedshaug. Men når spekulantane var store aksjefond og til dels kornkjøparane sjølve, skapte dei store nok bylgjer i finanskrisa, til at maten blei for dyr der den trongst mest. Solide nasjonale beredskapslager og ein overvaka marknad er viktige tiltak mot kunstige pristoppar.

Familiebruket må med

Dei to siste kapitla, der forfattaren ser framover, er særleg interessante. Å fø verda er mogleg «med en rimelig ressursinnsats», men krev storstila teknisk effektivisering av ressursbruken – og å bevare initiativet som ligg i familiebruket. Høge jordprisar og konsernutvikling frå jord til bord vil bli eit like stort feilgrep som fortidas kollektiviserte eller føydale landbruk.

Boka held eit godt norsk fagspråk, med informative tabellar, bilde og «boksar» – men forlaget kunne tatt seg tid til å omsetje lange engelske sitat til norsk.