HØYR!

– Jordvern krev omstilling i hovudet

16. september 2022

Jordvern = god arealplanlegging og kunnskap

– Det krev ei omstilling i hovudet at fjøsen kan plasserast ut i beite, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen. Tenke jordvern når du plasserer nyefjøsen, oppmodar ho.​

Anne Rivenes, frilansjournalist

Landbruket si eiga nedbygging av matjord må reduserast, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen, styremedlem i Vestland Bondelag. Under konferansen Landbruket i Vestland mot 2030 tok ho opp både kommunen og bøndene sitt ansvar. Norges Bondelag meiner ein må skjerpe det nasjonale jordvernmålet, frå 3000 til maks 2000 dekar pr år.

– I Vestland er det mykje areal som er omdisponert, men som ikkje nødvendigvis er nedbygd enno. Då har kommunane eit gyllent høve til å sjå på dette med nye augo, understrekar Osmundsen.

Matjorda er bøndene sitt næringsareal, som dei har sine eigne planar for, og dermed også ansvar for å hindre nedbygging.

– Beste jorda er gjerne nærast gardshuset, så viss ein skal byggje ny driftsbygning er det fornuftig å byggje der den gamle fjøsen står. Men bønder er «skrotnissar » som tek vare på alt det gamle som står inne i bygningen. Dessutan vil det bli dyrare viss ein skal rive også i tillegg til å byggje. Difor byggjer mange nytt attmed, med fare for å byggje ned fulldyrka areal, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen.

Ho sjølv bygde ny kufjøs på eksisterande beite. Fire-fem mål delvis overflatedyrka bakke gjekk med, men som bonde kastar ein ikkje jord. Ho grov opp all jord og brukte den til å dyrke opp andre område som var skrinne. Dermed meiner ho sjølv at matjord-arealet kom ut i pluss ved å få nytta anna areal langt betre, sjølv om det ikkje ville telje i arealrekneskapen.

– Det krev ei omstilling i hovudet at fjøsen kan plasserast ut i beite. At ein må sykle eller ta firehjulingen for å kome til fjøsen, i staden for å berre trakke i skoa og gå ut i tunet. Men for min del gjorde det også tilgangen til beite lettare for dyra, utan å måtte krysse fleire vegar slik me måtte før. Landbrukskontoret kan hjelpe deg å sjå korleis ein kan nytte arealet/jorda på garden på beste måte, seier Osmundsen.

Ho meiner jordvern = god arealplanlegging og kunnskap om alternative moglegheiter til å byggje ned matjorda. Nye løer tek fort fire-fem mål jord, og det er grunn til å passe på. Tidlegare sa ein at fire-fem mål jord er nok til ei ku.