KJØKKENHAGEN

Kampen du ikkje kan tapa

26. juni 2019

Ta det med det gode: Snegleplagen har gjort at eg får meg ein fin runde i hagen kvar morgon. Juni er akeleietid (dei lilla fremst til venstre).
Jordeplene er i god vekst. Den lilla kula er prydløk. Den store bladgrønsaken med oransje og røde stilkar er overvintra bladbete (mangold).

“Har du ikkje sneglar?” spør folk. Klart eg har, – i Stavangers fuktige og milde kystklima. Men mykje mindre enn for nokre år sidan. Innsatsen har nytta.

Kva har eg gjort?

Punkt 1: Eg bestemte meg for å “vinna kampen”. Å gje opp var ikkje eit alternativ: Har du sett små plantebarn til verda, kan du jo ikkje la dei bli oppetne av rovdyr!
For fem år sidan var det massevis av brunsneglar i hagen min: I beda, under terrassen, i steinmur, i oppkjørsel, under hekken, i kaldkompostbingen, – over alt. Dermed gjekk eg ut kvar morgon eller kveld med tynne plasthanskar, ei saks og ein isboks fylt med kokande vatn, plukka og klypte i to. Ekstra viktig er det å gå ut når det regnar, då gjerne både morgon og kveld.
To vårar på rad brukte eg også Nemaslug, eit biologisk middel. Dette får du kjøpt på hagesenter og på Felleskjøpet. Sidan det er “ferskvare”, må du som regel bestilla. Middelet rører du ut i kanner med vatn, og så vatnar du dei områda kor sneglane likar seg best.
Eg utvida også sneglerunden til å omfatta villnisset av ei ubebygd nabotomt (reine snegleoppdrettet) og stripa langs gangstien bak huset.
Ølfeller sette eg også ut (grav ned eit beger med øl), og før eg drog på ferie strødde eg litt Ferramol her og der.
Etter kvart lærte eg meg kor sneglane likte seg aller best, og sjekka ekstra nøye der: På påskeliljene. På spinat, salat og kål. I squashblomane. På georginer. Der det er ein snegel, er det som regel fleire. Legg merke til holete blad, kikk under.

Ikkje gje opp!: Har du sett små plantebarn til verda, kan du jo ikkje la dei bli oppetne av rovdyr!

Tidleg innsats viktig

“Kampen” må starta tidleg på våren – ikkje vent til du snublar i feite sneglar. Nei, set deg på huk og kikk nøye etter, og plukk dei bittesmå sneglane.
Det er også om våren når plantene er små at dei er mest utsette: Ein svær snegel kan fort setja til livs nokre spirer eller ein liten kålplante. Men når kålplanten har kome i god vekst med godt rotsystem og fleire blad, toler han fint at ein snegel eller to forsyner seg litt av dei nederste dekkblada. Desse kan du plukka vekk etterkvart som dei blir stygge.
Slutt heller ikkje med snegledrepinga når hausten kjem. Mange gjer det når det blir gufse, vått og småkaldt ute. Men det er utpå hausten at sneglane legg egg. Så jo flinkare du er om hausten, jo mindre blir plaga neste vår.

 

Stormarikåpe: Gjer regn og dogg om til perler.

Valmue: Ei intens oppleving å oppdaga den fyrste orientvalmuen som falda seg ut.

Sneglane eller plantene?

I år har eg vore ute dagleg sidan starten på mars, og “fangsten” minkar stadig. I tørre periodar med sol er der bare nokre få sneglar å finna, på tidlege regnvåte morgonar rundt 20. Så du kan fort tenkja deg kva som hadde skjedd viss eg hadde lete vera. Det er 110 dagar sidan den 1. mars. 20 sneglar ganga med 110 blir… Du gidd ikkje? Orkar ikkje? Har ikkje tid? Du har i grunnen ikkje noko val. For dei blir bare større og større og fleire og fleire. Jo: Valet er: Sneglane eller plantene.

 

Squash: Den fyrste squashblomen oppdaga eg på sneglerunden ein regnvåt morgon.

Sukkerert: Der blømer dei! Sukkerert «Norli» ein låg og smakfull sort.

Trikset

Dessverre, her er ikkje nokon kjapp og lettvint løysing. Trikset er å gjera sneglerunden om til ei lukkestund.
Ja, faktisk. Viss du tenkjer æsj og uff, dette har eg ikkje lyst til, er det jo inga glede. Snu tankesettet: Det er jo triveleg å ta seg ein runde kvar dag og sjå koss det står til med plantene! Leggja merke til kva som har skjedd sidan sist: Sjå koss deg veks, gleda deg over nyutsprungne blomar, lukta litt på urtene, trekkja inn frisk morgonluft, nappa eit ugras, oppdaga at nå er knutekålen klar. Plukka med inn knasande sprø grønkålblad til morgonsmoothien. Studera doggperlene i marikåpeblada.
På denne tida er det noko nytt å oppdaga kvar morgon: Den fyrste, store, gule blomen på squashplanten som til og med kom på ein dag med grå himmel og regndrypp. Den hadde eg jo ikkje fått oppleva om eg hadde blitt inne! Og sjå der: Nå blømer sukkerertene som eg stakk ned (eksperiment) så tidleg som i slutten av februar! Leggja merke til at potetplantene brått rekk meg til knes.
Ein annan mørk og våt morgon var det dette synet som fekk hjarta mitt til å gjera eit ekstra hopp: Lengst bak i staudebedet lyste det flammande rødt: Orientvalmuen var i gang med flamencodansen. Eg trur søren meg han falda seg ut mens eg var der. Eg såg han nemleg ikkje då eg gjekk ut, – det var fyrst når eg snudde meg og kikka på slutten av runden.
Med eit smil om munnen gjekk eg inn og laga meg ein god kopp te. Lurer på kva som ventar meg i morgon?

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.
Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år, men hageentusiasten er nå ”bybonde”, bloggar, kurs- og foredragshaldar.
Her finn du bloggen  hennar
Her finn du ho på Facebook

Stikkord denne saka: