MOLDROK – mold, mat og landbruk

Kan marknaden gi oss matvareberedskap?

16. februar 2018 | Dessutan

Illustrasjon: Lloyd’s.

Åsmund Bjørnstad
er professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

I Sylvi Listhaugs fyrste styringsår som matminister selde ho Stavanger kornsilo. Marknaden, ikkje staten, fekk ta seg av maten. Kristiansand vil gjera kornsiloen om til ein kunstsilo for å tekkjast ein sjølvoppteken kunstsamlar. No ser det ut til at Stortinget vil pålegge dagens matminister å førebu beredskapslager. Ordet går om at han vil fylgje opp, sjølv om han ikkje skjønar føremålet. Han skal få hjelp til det. Rett nok – det mange lause påstandar om «matkrise». Har ikkje prisane på verdsmarknaden halde fram med å falle sidan 2012? Kva risiko snakkar vi eigentleg om?

Ein forskar ved Borlaugs kveite- og maisinstitutt i Mexico, CIMMYT, Bram Govaerts, oppsøkte Lloyd’s of London, ein «forsikringsmarknad» som analyserer risiko og tiltak knytt til ulike forretningsområde. Dei var vane med å rekne på “hundreårs-hendingar”. Han spurte om dei hadde rekna på konsekvensane av om det fleire stader i verda vart uår det same året? Dei vart overraska, for ingen hadde spurt dei om dette, men dei tok fatt. Bakgrunnen er kjend: Aukande folketal, større krav til husdyrprodukt, ei uoversiktleg matvareforsyning globalt, klimaendring, politiske krav om matvaresikkerhet, Først gav Lloyd’s ut rapporten Feast or Famine (2013) der dei analyserer matforsyning i høve til forsikringsbransjen. I 2015 kom så rapporten Food System Shock, der dei tok for seg moglege utfall av seks samanfallande uår, baserte på nyare historiske hendingar. Fleire av dei er kjende verknader av vêrfenomenet El Niño, ei oppvarming i det sørlege Stillehavet. Dei treng ikkje opptre samla, men sett at dei gjorde det?

Dette samla uårs-biletet er vist på figuren, som er henta frå rapporten. Avlingstal for år og land blei estimerte frå databasen FAOSTAT. Det første uåret liknar på 1993, då El Niño skapte ein katastrofal flaum i Midtvesten. Den førte då til 27 prosent avlingstap i mais, 18 prosent i soya, sju prosent i kveite.

I det andre uåret fører El Niño til svikt i monsunregnet i India og Pakistan, og tørke, som i 2002. På grunn av topografien, fell regnet i staden over Himalaya, med flaum i Ganges, Indus og Brahmaputra. Resultat: 10-20 prosent avlingstap i kveite og ris. Det tredje uåret er at El Niño fører til tørke i Søraust-Asia (frå Thailand til Filippinane), med eit avlingstap i ris på fem til 20 prosent.

Det fjerde uåret er alvorleg tørke i Australia, med eit avlingstap i kveite på 50 prosent. (Det er eit kjend historisk samband mellom El Niño og tørke i Australia og India). Det femte uåret er at El Niño fører til milde vintrar i Argentina, så uvanleg mykje smitte av soppen Asiatisk soyabønnerust overlever. Denne sjukdomen kom til Sør-Amerika frå Asia i 2001, og førte til store avlingstap i 2006. Avlingstap i modellen: frå fem til 15 prosent.

Det sjette uåret har ikkje med El Niño å gjera. Sjukdomen svartrust har vore under kontroll sidan 1950-åra, men så kom rasen Ug99 frå Aust-Afrika. Den er halden i sjakk i 15 år, takk vera ein internasjonal dugnad starta av Norman Borlaug. I modellen herjar den i kveiteåkrar frå Pakistan til Ukraina. Avlingstap: frå fem til 15 prosent.

Dei einskilde avlingstapa verkar ikkje så avskrekkande: sju prosent i ris og kveite, ti prosent i mais, 11 prosent i soyabønner, men samla er dei utan sidestykke. Lloyd’s estimerer likevel risikoen for dette som “signifikant høgare” enn dei «ein gong kvart 200 år»-sannsyna dei elles forsikrar mot. Men kva ville så skadeomfanget vera i eit slikt super-uår? Kva tiltak trengst?

Først, sju prosent svikt i risproduksjonen tilsvarar det som normalt er i verdshandelen kvart år. Ris er nemleg ei heimeavla vare. Lloyd’s reknar med ei femdobling av prisen, når eksportog importland vil sikre sine forsyningar. Dette vil så opptil firedoble prisane på mais, kveite og soya. (Alle desse er i høve til lågmålet i år 2000.)

Når dette forplantar seg gjennom matforsyningsstraumane, vil det føre til eit globalt systemsjokk. Land held tilbake eksport eller sel til kjøparar som betalar meir, som fører til sviktande transportkapasitet. Stoppa eller forsinka leveransar til kraftfôrindustri får husdyrprodusentar til å slakte ned. Næringsmiddelin dustri og forbrukarar vil bli råka. Det er lett å sjå for seg matvaremangel og opptøyar i større byar som Kairo, Mexico By og Lagos. «Business-as-usual” i heilt andre sektorar vil bli vanskeleg, med store forsikringskrav som næringa ikkje er budd på. Ulikt “normale” katastrofar på grunn av vêr og jordskjelv, vil det ta år å få til dømes kjøtproduksjonen opp på normalt nivå. Aksjar knytt til landbruk og agribusiness stig sterkt (liksom i 2008), men børsane i USA og EU fell med så mykje som fem og ti prosent. Lloyd’s konkluderer med at verksemder nøye må analysere kor utsette dei er for slik risiko. Forsikringsbransjen må få nye typar forsikringar på plass så matforsyninga blir mindre sårbar enn i dag.

Lloyd’s analyse er ein modell, så samfunnet kan fjerne faktorar som kan utløyse slike “matsystem-sjokk”. Råvarebørsane må ikkje få høve til prisdrivande spekulasjon for kortsiktige gevinstar, som i 2008-09 og 2010-11. (Trump har fjerna Obamas restriksjonar på dette.) Landa må heller ikkje satse si forsyning frå risikable oversjøiske «landran» eller med prisdrivande eksportrestriksjonar. Analysen nemner ikkje nasjonale eller internasjonale beredskapslager – Lloyd’s held seg unna politiske råd. Dei rettar seg mot forretningsverda.

Etter prissjokket på kveite i 1974 vart offentlege lager diskutert i USA, men kornbransjen sa at dei hadde lagerkapasitet nok. Senator George McGovern svarte at dette var å misforstå rollene. Marknaden vil selje når prisane er høgast, medan lager er for at samfunnet unngår prishopp. «Eit lager i private hender er ikkje noko lager i det heile.»

Skal vi satse på at forsyningar kjem tidsnok, eller å ha nok i tide?