HØYR!

Klar for konflikt

Foto: Stortinget

Det blir inga gladsak.

Den nye Landbruks- og matministeren Geir Pollestad (Sp) blir møtt med høge forventningar og må løysa vanskelege saker. Ei av dei er gjødselvareforskrifta.

Jane Brit Sande

– Då eg fekk spørsmål om eg ville ta minister-posten, kjende eg at dette er noko eg er klar for, seier Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til Bondevennen.

Sin første heile arbeidsdag i embetet har han på Nibio Særheim, med fleire representantar frå landbruksnæringa til stades.

– Saka om gjødselvareforskrifta er ei krevjande sak, og den bør landast i løpet av denne regjeringa, røper Pollestad.

– Forskrifta har blitt liggande for lenge, men eg er glad for at denne regjeringa skal ta tak i den.

Men på spørsmål om framdrift i saka, vil han ikkje gi eit konkret svar.

– Eg må først få oversikt og status. Eg skal bruke dei neste åra godt, lovar ministeren, og trekker fram nokre punkt han meiner blir viktige når han skal arbeide med saka.

– Eg skal lytte til kunnskapen, bruke fagmiljøet, og ha eit klokt politisk skjønn, seier han.

Ministeren understrekar at gjødselrapporten frå Rogaland blir del av kunnskapsgrunnlaget.

– Men dette blir inga gladsak. Det vil bli tøffe tak, seier Landbruks- og matminister Pollestad.

Han har fått sansen for å jobba i saker der det er trøkk, seier han.

– Desse siste åra på Stortinget har eg vore den som har tatt saker der det har vore motstand og konflikt. Det skal eg halde fram med, seier Pollestad.

Regjeringa har i Hurdalsplattforma sett ambisiøse mål for norsk landbruk og matproduksjon, med lovnad om ein opptrappingsplan for inntekt og sjølvforsyning. Planen er framleis ikkje lagt, men likevel:

– Opptrappinga har starta, seier Pollestad.

– For å få på plass ein opptrappingsplan er det fleire ting som speler inn. Det har vore to spesielle år, for det første. Og grunnlaget for inntektsmåling må også fastsettast, seier han.

Pelsdyrprodusentane ventar framleis på at sakane deira om erstatning skal kome i hamn. Det er høge forventningar til at Pollestad skal få dette til kjapt. Fleire ventar framleis på utbetaling.,

– Mange har fått eit forskot på erstatning, i tråd med det Solberg-regjeringa meinte var riktig. No handlar det om å få på plass dei forbetringane som er gjort i ettertid. Eg har eit personleg mål om å kome i mål med saka om erstatning til pelsdyr-bøndene, seier Pollestad