MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Korleis raudkløveren berga Danmark (og Noreg?) på 1700-talet

17. august 2018 | Dessutan

Kløverens frammarsj: Protestantiske sekter spelte ei viktig rolle i spreiinga av kløveren nordover i Europa. Illustrasjon: Bondevennen

Åsmund Bjørnstad
er professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

I mang ei tørr eng har raudkløveren klart seg godt i sommar. Med pelerota har han henta vatn lenger ned enn graset når, drive nitrogenbinding frå lufta og blitt spart for aggressivt gras.

Vill kløver trivst i skrinn jord. Med god plass blømer han på førsommaren så frøa mognar i tide. For den dyrka kløveren er det naturlege utvalet gjennomført med fôrhaustar. Han strekkjer seg for å halde tritt med timotei og utset bløminga til utpå sommaren, ja, blømer langs vegkanten til oktober. Det resulterer i den mykje større plantemassen vi dyrkar han for. Slik raudkløver – sådd og dyrka som eng og beite – oppstod i det mauriske Andalucia for kring 1000 år sidan. I seinmellomalderen kom han til Spania, som i si glanstid midt på 1500-talet førte han til provinsane i Nord-Italia og Flandern. Den danske historikaren Thorkild Kjærgaard skildrar i boka Den danske Revolution 1500-1800 korleis kløveren på 1700-talet berga Danmark ut av ei djup økologisk krise og i realiteten skapte det intensive danske husdyrbruket.

På 1600-talet gjekk «pustepausen» etter Svartedauden mot slutten. Folketalet auka sterkt og avkastinga fall. Hovudgrunnen var, hevdar Kjærgaard, ein stadig meir prekær nitrogenmangel. Kring 1700 hadde Danmark fem millionar dekar åker, i treskiftebruk med haustkorn, vårkorn eller erter og brakking. Åkeren trong all gjødsla frå husdyra, men Kjærgaard reknar med at åkrane årleg berre fekk tre kilo nitrogen per dekar, og utmarka kanskje to. Brakking kunne ikkje tilføre stort der lite var. København voks sterkt, men «nattjorda» (menneskegjødsel) derifrå rokk knapt lenger enn til grønsakdyrkinga på Amager og omegn. Det var eit nullsum-spel som stadig gjekk i minus for jordbruket. Dei 19 millionar dekar med udyrka eng og beite måtte tilføre meir og meir. Skogen vart hoggen til beite, sandflukt (erosjon) tetta fjordane og gjorde markene vassjuke. Kvar kvist vart nytta til ved eller eten av dyr, og halmen og gjødsla blei brensle. Måleria syner eit snautt og karrig landskap i ei økologisk blindgate. Den vesle istida gjorde sitt til misvekst og dårlege år. I mellomtida var raudkløveren på veg nordover, men den vegen var ikkje strak. Protestantiske sekter som mennonittar og valdensarar spela ei viktig rolle. Som kjettarar var dei utestengde frå å eige jord, og måtte innovere for å overleve. Dei såg at ved å erstatte brakking med raudkløver, fekk dei høy og attpåtil gode kornår etterpå. Men treskiftebrukets felles drift av beite og åker sette sperrer, fordi dei andre ikkje godtok å gjerde inn kløveren. Etter Trettiårskrigen – i 1648 – utvandra mennonittar frå Sveits til Al sace og Pfalz. Der fekk dei leige jord på forfalne gods, som dei raskt gjorde til mønsterbruk med kløver, kalking og feite fe. Dette vekte oppsikt og komitear av «lærde og mennonittar» blei sett ned for å spreie metodane. Sidan måtte dei søkje seg nye eksil, til sist til Amerika, men alltid med skrifta og kløveren i bagasjen. Frå Luzernadalen i Piemonte drog valdensarsekta ein liknande veg, med sin belgvekst, luserne, i Amerika kalla alfalfa etter det arabiske al-faṣfaṣa. Både den og raudkløveren hadde alt kome dit med spanjolane.

Kartet viser kløverens frammarsj gjennom Europa. Med mennonittane var kløveren godt kjend i 1700-talets Tyskland, og han nådde så til Fyn kring 1730. Då hadde kongen gjeve miljøpolitiske påbod for skogvern og mot sandflukt, for drenering og kalking. Dette hjelpte nok litt på nitrogen i jorda, men lite på at ho alt var utpint. Kløveren, derimot, braut forbanninga og tilførte nytt frå atmosfæren. Gjengs tal for nitrogenbinding i raudkløver er 20 kg per dekar, noko som neppe er urealistisk i den tids jordsmonn og fotosyntese. Frå ein prøvande start forandra raudkløveren Danmark, skriv Kjærgaard. I 1779 fekk bøndene i Hitterslev sokn på Fyn ein pris på 20 riksdaler for å ha sådd 100 tønner land (kring 500 dekar) med kløver. At så mykje som 30 prosent av jorda stod med opptil femårig kløver og kunsteng, tydde gjennomsnittleg fem nye kilo med nitrogen per dekar. Kornavlingane blei nær dobla fram til 1800. I 1761 spådde agronomen Philip Ernst Lüders i Schleswig at kløveren ville forvandle dei «nakne nordlanda til eit nytt Kanaan som flyt av mjølk og honning”. Talet på storfe auka frå 450 000 i 1770 til 600 000 i 1805, med langt meir smør og mjølk. Dyra stod inne med fersk eng (”staldfodring”), så gjødsla kunne bergast. Honningen kom frå ein veldig vekst i birøkt basert på kløver, og danske målarar gav landskapet ein ny raudfarge som for H.C. Andersen, Søren Kirkegaard og andre blei «typisk dansk».

Ikkje mange historikarar reknar ut økologiske budsjett i kaloriar og fôreiningar. Her i landet hadde vi Kåre Lunden. I hans band av Norges Landbrukshistorie tangerer han så vidt kløveren, som vart prøvd med timotei på somme norske herregardar sist på 1700-talet. Likevel kom kunstenga hit hundre år etter Danmark. Kanskje var det som på Jylland, at sur jord lenge sette ein stoppar. Kjærgaard nemner knapt den norske provinsen, men dersom kløveren redda Danmark på 1700-talet, må den vel òg ha hjelpt oss? Kjærgaard er ein omstridd historikar. Dei fleste andre hevdar at opphevinga av liveigenskapen og den sjølvstendige danske bonden skapte framgangen, men vedgår at kløveren si rolle var oversett.

For jordbruksrevolusjonen i heile Nord- Europa var kløveren like viktig som steinkolet for den industrielle. Ja, utan nitrogenet frå kløveren, heller ikkje poteten og det jordbruksoverskotet som fødde den veksande arbeidarklassa. Tida frå 1800 til 1945 var belgvekstane si glanstid, til kunstgjødsla tok over. Liksom steinkolet tærer kunstgjødsla på fossile skogar, ei rekning vi no merkar. Belgvekstane – bønner som kløver – kjem godt ut av dei nye miljørekneskapa. Det blir ikkje berre sommaren 2018 at dei får syne seg meir fram.