MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Kornet over havet

9. september 2022 | Dessutan

Dyrebar bør: Også i Noreg har korn vore mangelvare. Kanskje sette blokaden i 1917 spor i den unge Tarjei Vesaas, som seinare blei til novella Kornet over havet. Måleriet «Kvennagong» av Nikolai Astrup, etter 1917, fargetresnitt på papir. Sparebankstiftelsen DNB, deponert ved KODE i Bergen. Foto: Dag Fosse.

Novella til 125-årsjubilanten Tarjei Vesaas (1897-1970), Kornet over havet, er uhyggeleg dagsaktuell.

Åsmund Bjørnstad
er professor emeritus i planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

Med krigen i Ukraina er korn på ny blitt synleg – ikkje bare ei vare på ein velforsynt marknad, men som noko livsnødvendig. Journalistar strevar med å skilje ulike kornartar, og med alderdomlege ord som «kornkammer». Betyr det stor produksjon, eksport eller import? Kva land er størst, og på kva måte? Vel, i 2020 stod Russland for 18,8 prosent og Ukraina for ni prosent av verdsmarknaden i kveite. Enkelt oppsummert: Frå Russland, Ukraina og Kasakhstan kjem kring 1/3 av kveiten på verdsmarknaden, og den forsyner 33 land med minst 1/3 av behovet. I tillegg kjem store mengder mais, bygg, rug og solsikke.

Mat er makt

Russlands raske oppstiging til verdas fremste kveiteeksportør er ikkje noko mirakel, men ei investering i betre agronomi: opp frå to til tre tonn per hektar og den samla produksjonen frå 40 til 80 millionar tonn, pluss lågare utgifter ved større driftseiningar. Med meir varkveite i Sibir er 100-110 millionar tonn ein trygg spadom i 2030. Russland vil då tangere India som verdas nest største produsent. Med det fylgjer makt, slik USAs visepresident Hubert Humphrey sa om Amerika på 1960-talet: «Mat er makt, og eit land utan mat er makteslaust.»

På kjøl

Men no gjeld kornmarknaden først og fremst fysiske mengder, ikkje verdipapir som dei siste 20 åra. Sjøvegen er overlegent mest økonomisk. Eit kornskip med 60000 tonn tilsvarer 840 jernbanevogner og 3000 lastebilar. Sist i juli 2022, etter fem månaders krig, hadde Ukraina aleine over 20 millionar tonn som måtte ut, skulle årets avling få plass. Så, då blokaden av hamnene blei letta, kunne ei heil verd følgje dei første skipa med korn over havet til Libanon og Etiopia, der folk ventar.
Nett som i den norske fjellbygda som Tarjei Vesaas skildrar i novella Kornet over havet (frå samlinga Vindane, 1951). Der strevar ein møllar og hans unge dreng dag og natt ved «eit gamalt kvernbruk ». Møllaren har krav på seg, skal folks karrige små sekkar bli mjøl til jul. For alt det vatn som går i steinkverna går det sakte i høve til eit «moderne mølleverk ». Støy og støv og lite søvn gjer dei slitne. Og vegg i vegg med det rå kvernromet, der drengen er, er eit gloheitt tørkerom. «Folk vil ha byggmjølet sitt tørka, det er gamal skikk.»

Berg av korn!

Men gamalt og heimleg er ikkje nett det beste. «Bygg og atter bygg. Dei avlar ikkje anna her. Verlaget er strengt og stenger for kveite og slike milde kornslag.» Men det er noko anna som stenger no: «Det er ufredstid… Havet er stengt.» Og inni møllaren kvernar tanken på berget: «Det finst berg av korn i verda! No. Men det er ikkje her.» Her er det berre nokre sekker, med eigarens merkelapp, som «strøymer [bygget] gjennom hendene på møllaren. Men straumen er smal.» Har folk nok gjennom vinteren! Inni han kvernar òg skrekken for skredet, hungeren, noko møllaren ser, men ikkje må nemnast.
Tørkeromet er brennheitt, ikkje til å halde ut lenge, for der ser møllaren ≪det som ingen annen har sett enno≫, hungeren: «Det står ein innfallen mann borte i kroken og skrapar mjøldust av veggen ned i handa si. Skrapar det klamme mjøldustet og et det. Skrapar eit jammerlite gudslån av veggen.» Alt avheng av møllaren: «Langt bak einstad står ein ventande ring av dei som har sendt korn. Grøda frå ein steinfull åker.» Dei må ikkje sjå det som trugar. Ikkje drengen heller. Møllaren må halde ut «eldtoppane», «forbrenningsomnen» i det overheite tørkeromet, det er som lungene brenn opp, som tar han sjølv del i krigen:
«Held du ikkje ut, så hender ufattelege ulykker. Gøym det bort! Han vinglar (…) får kornet i sving. Ber sekkene bort i gangen til kvernromet. Imedan går tankane hans jagande over alle hav, over dit det er høge berg og djupe sjøar av korn, korn –
I dag brest det. I dag er det her, det ein før ikkje har teki alvorleg.»

Lyden av svolt

Då skjer det nesten ein katastrofe: «eine kvernstolen går tom for korn. Det spelar opp med ein dundrande hol låt. Stygg. Som hungeren. Det fer i møllaren. Det er ei ljod som aldri må høyrast i eit kvernbruk.» Stein mot stein betyr øydelagte steinar, ikkje noko mjøl, i verste fall brann. Så høyrest igjen «ein hol undergangstone ». Han får kopla steinkverna frå vatnet «det luktar malen stein… Skredet er i gang, fer det i møllaren.»» Har «den veike drengen» sovna på vakt? Møllaren mistar kontrollen og gjev han i vilska «ein støyt så han tumlar bortover». Dei får i sams fortviling i gang att steinen.
«Møllaren stegar atter inn i tørkeromet », men så sloknar brått lampa hans, det vert bekmørkt. Han er i ferd med å gje opp, skal heile kvernhuset falle over han. Det er som ei Getsemane-skildring, då skjer det eit skifte. «Han ynsker berre at noko ufatteleg må setje seg i gang (…), så detta berget må gå i sig og koma over.

Kom over –

Ynske frå alle menneske brenn i han.(…) her ma vera makter som kan få det til å koma i sig så alle får…elles vil skredet gå.»
Har han uvita eller somna – han vaknar av at drengen vekker han: «- Er du bliven klen du då? Mælet til drengen er fritt og utan angest. Kvardagsleg. I det same sansar han kvernduren. Steinane går. Og i det same blir han gjennomstrøymd av noko som liknar ei vise: berget der borte i blånen er i sig!»
Letta kjenner han at «skredet skal ikkje gå ut frå han. – Heten vart for stri for meg, fortel han til drengen, og lykta mi flaug i bitar. Du, eg slo deg óg eg –
«Dei får gjera det vesle dei kan: «Veikskapen er borte hjå møllaren. Han trur at berget må koma fram. Kornet renn her som alltid, og det renn alle stader. Susar i kvernane mot fullendinga. På den gripande ferda si mot mennesket.»