HØYR!

– Kostnadane eksploderer

Det som har skjedd synar at kostnadsauken på landbruket sine innsatsfaktorar er ute av kontroll.

Med gjødselprisar i ferd med å skyta i vêret, blir den totale kostnadsauken enda verre å handtera for bøndene, fastslår Sven Reiersen.

Sjur Håland

Siste året har nitrogen-etterspørselen globalt vore ekstra stor, noko som har drive gjødselprisane opp. Frå første juli i fjor fram til første juni i år, har prisen på eitt tonn Fullgjødsel auka med 34 prosent.
Reiersen, som driv med ammeku og sau på Evje, vart frustrert då han registrerte at prisen på Fullgjødsel 25-2-6 auka med 22 prosent i eitt stort byks frå første til andre juni. Sjølv hadde han anledning til å kjøpe mesteparten av gjødsla i vinter, men kjøpte også litt første juni. Han hadde flaks. Både med datoen og at han handla eit N-gjødselslag utanom Yara-systemet

– Eg slapp med skrekken. Hadde eg handla til dømes 25-2-6 ein eller to dagar seinare hadde prisen blitt monaleg høgare. Kostnadane eksploderer på mest alt. Me må prøva å gjera smarte innkjøp til rett tid for å redusere kostnadane så godt me kan. Her fekk me ikkje sjans til å gjera noko, grunna manglande varsling om prisoppgang.

– Men dei fleste har vel alt kjøpt inn den gjødsla dei treng for sesongen?

– Ja, men bøndene har behov for å supplera lageret undervegs. Andre ventar med å kjøpa gjødsla til dei treng ho, på grunn av likviditetssituasjonen.

Prisløypa for mineralgjødsel ligg normalt fast. Den er basert på ein årleg avtale mellom Felleskjøpet Agri (som også representerer FKRA), og Yara, som blir signert 1. juli. Reiersen har gitt beskjed til si bedrift, FKRA, om at dei burde varsla om prisauken som kom utanom forhandlingane – og teke noko av kostnadsauken frå verksemda sitt overskot.

– Den ekstrakostnaden som kom nå, burde me delt. Det er difor me har samvirke, seier han.

Evje-bonden meiner at einaste føremona med at den største prisoppgangen truleg kjem nå, og ikkje etter forhandlingane første juli, er at Næringskomiteen og Stortinget får med seg prisauken når jordbruksoppgjeret skal behandlast 16. juni.

– Det som har skjedd syner at kostnadsauken på landbruket sine innsatsfaktorar er ute av kontroll. Auken i gjødselkostnadar åleine har alt sprengd kostnadsauken i staten sitt tilbod. Det må politikarane få med seg og handla etter.

I gardsdrifta blir det ekstra viktig å utnytta både husdyr- og mineralgjødsla optimalt, meiner Reiersen.

– Mange av oss har teke i bruk moderne hjelpemiddel som sektoravstenging på spreiaren og GPS på traktoren, det hjelper på. Det handlar om å vurdera vekstsesongen og avlingspotensialet, utan å bruke ei gjødselperle meir enn nødvendig, seier han.

Reiersen disponerer 600 mål med eng og beite.

– Det kan ligga an til eit godt fôrår. Men å bruka mindre gjødsel enn behovet til for eksempel andre slåtten, er lite aktuelt. Då blir avlingskvaliteten dårlegare. I tillegg blir jorda på sikt utarma med ein slik praksis.