HØYR!

Krev full kompensasjon

4. oktober 2019

Foto: Stortinget

Eg kan ikkje skjøna korleis regjeringa med opne auge kan gjera dette mot folk.

Senterpartiet har sendt forslag til Stortinget om full kompensasjon til pelsdyrbøndene. – Det står om den økonomiske framtida til dei som blir råka av avviklingsvedtaket, seier Geir Pollestad.

Sjur Håland

Stortinget er opna, høyringsfristen er ute og bataljen om erstatningsordninga til pelsdyrbøndene er i full gang.

– Kompensasjonsordninga, som har vore på høyring, vil gi svære tap for enkeltprodusentar. Stortinget må slå fast overfor regjeringa at dei folkevalte krev full erstatning til dei som blir direkte råka av pelsdyrforbodet, seier Pollestad, som er stortingsrepresentant og leiar av Næringskomiteen.

– Korleis vil de overtyda stortingsfleirtalet?

– Då saka om avvikling vart handsama, var mange frå regjeringspartia på talarstolen og lova ei god kompensasjonsordning. Det forslaget som no har vore på høyring, er stikk i strid med det. Me ventar rett og slett at dei som gav dei fagre lovnadane står ved det dei har sagt.

Pollestad trur dei vil greia å overtyde fleirtalsregjeringa.

– I det minste skal me greia å skapa så mykje press at dei må snu. Denne saka skapar engasjement langt utføre både pelsdyr- og landbruksmiljøet. Alle som er opptekne av føreseieleg politikk og privat eigedomsrett, ser kor feil regjeringa sin handlemåte er.

For staten handlar det om småpengar, i følgje Pollestad.

– Men for den enkelte pelsdyrbonden og familiane står det om den økonomiske framtida. Det er ikkje til å skjøna at den ansvarlege statsråden, Olaug Bollestad, har sendt forslaget som legg bokført verdi til grunn, ut på høyring. Eg kan ikkje skjøna korleis regjeringa med opne auge kan gjera dette mot folk. Stortingspolitikaren eksemplifiserer alvoret med å syna til at nokre kommunar på Jæren har gått saman om kriseberedskap for, som han seier, å ivareta folk som er omfatta av regjeringa sin politikk.

– Eg har aldri tidlegare vore borti at det har blitt sett kriseberedskap grunna eit politisk vedtak.

– Er Senterpartiet sitt engasjement eigentleg eit spel for galleriet. Er ikkje saka tapt?

– Nei. Me har innsett at forbodet om pelsdyrhald kjem. Signala frå debatten på Stortinget før sommaren gjer at eg verkeleg trur at det er mogleg å få ei anstendig kompensasjonsordning. Politikarar som fer med tome lovnadar og falske håp, er det siste me treng.

– Er det mogleg å ta saka vidare dersom pelsdyrbøndene lir nok eit nederlag?

– Fleire pelsdyrbønder har signalisert at dei då vil gå vegen gjennom rettsapparatet. Om pelsdyrbøndene skulle tapa to gonger i stortinget, trur eg dette er rette sporet. Då bør saka sjekkast mot Grunnlova og mot grunnleggande menneskerettsprinsipp som skal beskytta folk mot å bli utsett av denne typen maktovergrep frå staten.