HØYR!

– Krevjande kjøt/klima-kopling

30. juni 2023 | Dessutan

Me må synleggjera at det er ein klimavinst ved å eta norsk.

Debatten om raudt kjøt tar på, tykkjer mjølk- og kjøtprodusent Martin Mæland. Men han er meir uroa for folks kjøpekraft enn for nye kosthaldsråd.​

Bothild Å. Nordsletten

Martin Mæland produserer mjølk og kjøt på Vigrestad. I tillegg er han ansvarleg for storfe i arbeidsutvalet i regionutvalet Agro. Og i det siste har den offentlege debatten handla mykje om nettopp det – kjøt.

– Det er mykje motgang mot det de produserer om dagen. Korleis er stemninga i storfenæringa?

– Stemninga er faktisk ganske god. Vår viktigaste oppgåve er å selja inn argumenta for norsk kjøt, slik at reduksjonen ikkje blir tatt der, men på importen. Me må synleggjera at det er ein klimavinst ved å eta norsk, og at det er feil å ta maten frå tredje verda.

– Du sjølv, då? Korleis opplevast det å vera kjøtprodusent i desse dagar?

– Eg tykkjer det er krevjande. Ein ting er råda for kosthald. Men for ein som haustar av naturen og nyttar graset som folk ikkje kan eta, er det deprimerande når kjøt blir kopla til klima. Det er verre å stå i klimadebatten enn kosthaldsdebatten.

– Kva trur du kosthaldsråda vil få å seia for husdyrbøndene i Noreg?

– Går dei gjennom, vil kjøtforbruket gå ned. Om me ikkje klarar å kontra dette, vil det gå ut over distrikta og beredskapen.

– Korleis møter Nortura debatten?

– Nortura har laga ein god berekraftsrapport for å møta trøkket med fakta. Så handlar det om å synleggjera verdien av den norske produksjonen versus importen. Me prøver å setja norske tal på utslepp og kosthald.

– Dei nye, nordiske kosthaldsråda skal reviderast av kvart einskild land, og tilpassast: Kva gjer Nortura for å påverka?

– Me har folk som arbeider for å påverka etter beste evne, blant anna ved å visa til reelle tal for norske utslepp frå husdyr. Samstundes må me vera varsame. Me kan ikkje framstå som eit selskap som ikkje forheld seg til kostråda.

Mæland meiner det ikkje er grunn til å missa motet.

– Me må produsera gitt dei føresetnadane me har på kvar gard. Får me nye nasjonale mål for kosthald og klima, er det uansett slik at folk først og fremst må ha mat. Eg er meir uroa for økonomien. Kjøpekrafta til forbrukarane er meir avgjerande enn kosthaldsråda – for den slår rett inn på volumet me kan produsera.