HØYR!

Kritikk=bjørneteneste

Me måtte til og med nytta omdisponerte mjølpoteter til chips

Å boikotta Sørlandschips for at dei lagar chips av danske poteter, råkar til sjuande og sist den norske bonden, seier Tommy Christiansen.

Bothild Å. Nordsletten

Tilhengarar av dei særs sprøsteikte potetflaka frå Sørlandschips har i lang tid kunne irritere seg over opphavslandet til råvara, slik den er oppgitt på posen: Danmark, og ein liten periode, Tyskland. Kva skjedde?

– Me gjekk tomme for norske poteter i februar, mars. Grunnen er den forferdeleg dårlege potetsesongen i fjor, særleg på Agder, der dei fleste leverandørane våre held til, seier Tommy Christiansen.

Han er fagsjef potet for Sørlandschips. Kvart år nyttar dei 13-14 000 tonn poteter til produksjonen.

– Har de verkeleg lagt dykk i selen og støvsuga den norske marknaden?

– Det har me. Og me har eit svært godt samarbeid mellom dei to andre fabrikkane, Kims og Maarud. Har me poteter til overs ved ein av fabrikkane, har me veldig fokus på å få brukt opp den norske varen. Så vart det fullstendig tomt. Det var ikkje ein kilo å få tak i. Me måtte til og med nytta omdisponerte mjølpoteter til chips! Det er viktig å forstå at dette ikkje er vanlege poteter som forbrukarane kan kjøpa, men spesialdyrka sortar for å laga chips.

– Du er uroa for at kritikken mot bruk av importerte råvarer råkar bøndene. Forklar!

– Bøndene blir nesten leie seg på fabrikken sine vegne når dei ikkje klarar produserer meir, i tillegg til at dei sjølv mista fleire hundre tonn i flaumen i fjor. Dette set jo oss i fabrikken i ein vanskeleg situasjon. Me treng råvara og kan jo ikkje berre seia til butikken at det ikkje finst poteter å få tak i, sorry, me kan ikkje laga chips. Då er det berre ein moglegheit – import. Det er forferdeleg dyrt for oss, gitt full toll. Dette ynskjer me absolutt ikkje, og kritikken minner produsentane om at dei har hatt to veldig dårlege år. Me føler verkeleg med dei.

– Så blir jo klima meir ustabilt. Korleis legg Sørlandschips planar, med dette in mente?

– Det er vanskeleg. I takt med at Sørlandschips har vakse, har me gått ut i nye produsentområde, som Solør, Kirkenær og Toten, for å sikra oss. Me spreier risikoen, så mykje me kan.

– Eg blir sur når chipsen ikkje er norsk. Gjer eg norske bønder og arbeidsplassar ei bjørneteneste, når eg lar vera å kjøpa norskprodusert chips basert på danske poteter?

– Ja, du gjer eigentleg det. Me vil jo ha norsk og bestiller alt me kan av norsk vare. Og viss du då straffar fabrikken, får me eit mindre sal og missar marknadsdelar. Det går til sjuande og sist ut over den norske bonden.

Christiansen forsikrar om at produksjonen med norske poteter no er godt i gang.