HØYR!

Kritisk til Voss-exit

Mjølkefrakt til Byrkjelo kostar flesk.

– Dersom Tine vel å leggja ned distriktsarbeidsplassar, må dei vera heilt sikre på at dei sparar vesentleg med pengar. Det meiner eg dei ikkje har dokumentert i det heile, seier Lars Selheim frå Voss.​

Sjur Håland

Styret i Tine vedtok 22. juni å leggja ned meieriet på Voss frå januar 2023. Meieriet produserer kvart år 2.500 tonn kvitost av typen Norvegia. Ein god del av dette blir selt til Kavli til bruk i deira tubeostproduksjon. Tine seier dei har større kapasitet enn kva som trengst, sjølv om Voss blir nedlagd – og at kostnadane på Tine sine ysteri ikkje følgjer nedgangen i volum etter at eksportproduksjonen er fasa ut.

Selheim driv med mjølk, gris og gardsslakteri på Voss, saman med kona, Hilde Lussand Selheim. Han er kritisk til nedlegginga.

– Men eg trur nok det er mange her som vel å stola på Tine, som har fatta nedleggingsvedtaket av økonomiske årsaker.

Sjølv meiner han at den årlege innsparinga på sju millionar kroner, som føreset transport til Byrkjelo, er for lite dokumentert frå Tine si side.

– Då leiinga var på Voss i førekant av nedleggingsvedtaket var det lite grunnlagstal å få. Her vart det sagt at gjennomsnittlege transportkostnadar dei siste tre åra var lagt til grunn for utrekningane. Me veit alle at dei kostnadane i dag er noko heilt anna. Det er vanskeleg å sjå at fraktkostnadane skal ned att på 2019-nivå, for å seia det slik.

– Korleis er stemninga blant mjølkeprodusentane på Voss halvtannan månad etter nedleggingsvedtaket?

– Tja, bøndene har jo nok å gjera. Det har helst vore stilt. Noko av årsaken til det er at både me bønder og samvirkeorganisasjonane våre har ein del erfaring i å leggja ned anlegg. Resignasjon er nok rette ordet.

– Men det er overkapasitet hjå Tine. Då har dei vel ikkje noko val?

– Då vil eg minna om at meieriet på Voss tek unna mjølk frå nærområdet. At Tine har bygd opp for stor kapasitet andre stadar gjer ikkje reknestykket betre med å leggje ned meieriet på Voss så lenge det blir produsert mjølk her. Mjølkefrakt til Byrkjelo kostar flesk. Skal noko av mjølka like til Jæren er reknestykket enda verre. Det er alt dette eg saknar grundig dokumentasjon på.

– Kva skjer med oppslutninga om Tine blant leverandørane på Voss?

– Me har jo ikkje nokre alternativ, så den trur eg ikkje vil endra seg særleg. Men engasjementet vil gå ned. Det blir rett og slett færre som gidd å reisa på medlemsmøte. Me produsentar blir meir desillusjonerte.