HØYR!

Kronerullar for setrane

Foto: privat

Eg trur ikkje det er nokon som ikkje ønsker seterdrift

– Utmarka og beitet kan og bør utnyttast betre enn i dag, seier Jørgen Narvestad Anda.

Jane Brit Sande

Alliansen Ny Landbrukspolitikk (ANL) vil løfta seterdrift og utmarksbete mot gamle høgder. Med mål om ein solidarisk matproduksjon basert på norske ressursar, har dei starta eit prosjekt for å lage ei seterpolitisk melding. Prosjektet skal finansierast mellom anna gjennom kronerulling.

– Talet på setrar i drift går ned, og me vil stimulere til at fleire bønder nyttar dei igjen. Med prosjektet vonar me å få kartlagt kva som skal til for å oppnå dette, seier Jørgen Narvestad Anda, som er styremedlem i ANL.

Han viser til to hovudargument for arbeidet med meldinga.

– Det første er å ta i bruk norske ressursar for å produsera norsk mat, og med det i mindre grad basere matproduksjonen på importerte fôrressursar som til dømes kraftfôr. Utmarka og beitet er der uansett, og kan og bør utnyttast betre enn i dag.

– I tillegg er det viktig å skapa noko positivt overfor forbrukaren. Det har vore meir enn nok negative oppslag om norsk matproduksjon, til dømes det siste årets pressedekking om norsk svinehald. Me vil bygge legitimitet, forankra i god utnytting av norske ressursar, seier Anda.

I tråd med årets jordbruksavtale skal fylka legge til rette for tilskot frå Regionalt Miljøprogram på minimum 50 000 kroner per seter.

– Dette er første og enklaste steg for å auke interessa. Men eit tilskot åleine er ikkje nok. Me vil i tillegg skapa medvit og blest kring seterdrift, seier Anda.

Slik som då ANL finansierte si alternative jordbruksmelding, skal Seterpolitisk melding finansierast blant anna med kronerulling.

– Kvifor kronerulling?

– Det kostar mykje pengar med eit slikt prosjekt. Kronerulling er ein måte å skapa blest om prosjektet, og å stå saman om ei sak. Det er i stor grad privatpersonar, eldsjeler, som står bak bidraga, seier han.

– I tillegg til kronerulling søker me om midlar på alle moglege stader, seier Anda.

– Kva vonar ANL å få ut av prosjektet?

– Me vonar at me får kartlagt kva tiltak som må til for å stimulere til ei auke i talet på setrar i drift. Me jaktar gode løysingar, og skal få med dei rette folka – som har gode tankar om utmarksutnytting og seterdrift, og idear om virkemiddel. Me vil spreie bodskapen om seterdrift, og vonar me får til ei melding som bønder, organisasjonar og regjering kan dra nytte av. Eg trur ikkje det er nokon som ikkje ønsker seterdrift, seier Anda.