HØYR!

Kunne ikkje gamble med forsyninga

Arkivfoto.

Det er ikkje slik at det fløymer over av mjølk

– Hevinga av forholdstalet i sommar var knytt til ein heilt ekstraordinær tørkesituasjon. Me er no tilbake der me var for eit år sidan, seier Trond Reierstad, styreleiar i Tine.

Jane Brit Sande

I kvotedrøftinga i førre veke vart det bestemt at forholdstalet for kumjølkkvotar skal settast ned til 0,98 – berre fire månadar etter det vart sett opp til 1,04. Overproduksjonen av mjølk er i år på 15 millionar liter. Fredag for ei veke sidan vart det også kjent at omsettingsavgifta vart sett opp til 12 øre, i tråd med Landbruksdirektoratet sitt forslag.

– Under kvotedrøftinga i august la me fram eit forslag basert på den kunnskapen me hadde om innvegingstal, dyretal og dårlege vekstforhold rundt i landet. Så kom september med gode vekstforhold. Det har bidrege til ein auke i produksjon i forhold til prognosane. Me er svært glade for at produsentane responderte raskt slik at det ikkje blei mangel på mjølk eller ost, seier Trond Reierstad til Bondevennen.

– Overproduksjonen utgjer ikkje meir enn éin prosent av den totale mjølkeleveransen. Det er ikkje slik at det fløymer over av mjølk, påpeiker styreleiaren.

– Fungerer prognoseverktøyet godt nok?

– Det har fungert godt, men vêret i år pressa det til ytterkanten av korleis det er meint å nyttast. Verken me eller prognoseverktøyet kunne spå tørken i sommar eller korleis hausten kom til å bli, seier Reierstad.

– Kvifor setta opp forholdstalet? Kunne rettleiing frå fôringsrådgivarar vore ein alternativ strategi?

– Nei. Me kunne ikkje gamble med forsyninga av marknaden. Me oppmoda også bøndene til å bruke fôret dei hadde tilgjengeleg optimalt, så me gjorde begge delar, seier Reierstad.

Landbruks- og matdepartementet har vore kritiske til at auken i forholdstalet medførte svært mykje høgare leveransar enn det Tine sjølv prognoserte. Store variasjonar i forholdstal er lite føreseieleg for mjølkeprodusentar.

– Dette er ei tilbakemelding me må ta med oss vidare, seier Reierstad.

Styreleiaren påpeiker at prognosane i år har handtert fleire variablar, med større usikkerheitsmoment enn tidlegare.

– Fasiten for korleis bøndene har tilpassa seg kjem først i etterkant, seier han.

– Året sett under eitt, har produsentane fått stabilitet nok?

– Ja, eg meiner det. Me ga produsentane som hadde kapasitet eit ekstra høve – noko mange nytta seg av. Når behovet endrar seg, endrar me kvoten. Det er viktig at me er leveringsdyktige.

– Dette blir ikkje siste sesong med klimautfordringar. Har Tine ein beredskapsplan?

– Me arbeider kontinuerleg med å utvikla prognoseverktøy. Marknadsreguleringa er jo også med på å auke sikkerheita både til forbrukar og produsent i slike situasjonar, avsluttar Reierstad.