HØYR!

Kutt trugar Q-eksistensen

15. desember 2023

Foto: Q-Meieriene 

Først når vi har verksam og berekraftig konkurranse, kunne tiltaka vore avvikla.

– Fjerning av 25 prosent av støtta til konkurransefremjande tiltak i mjølkesektoren er ein trugsel mot vår eksistens, seier Q-sjef Kristine Aasheim.

Sjur Håland

Reduksjonsforslaget møtte motbør hjå både daglegvarekjedene og hjå Konkurransetilsynet før regjeringa gjorde sitt vedtak om å fjerna distribusjonstilskotet førre veke. Hjå Q, som har 25-27 prosent av hentinga av mjølk i Rogaland, er det skuffelsen som rår.

– Vi reagerer sterkt, og meiner fakta og ei heilskapleg vurdering av PU-ordninga (prisutjamningsordninga) burde lege til grunn for eventuelle endringar. I staden er det berre dei konkurransefremjande tiltaka som har blitt evaluert, noko som berre utgjer 14 prosent av den totale ordninga, seier Aasheim.

Tiltaka under PU-ordninga for mjølk vart etablert i 2007. Målet var å fremja konkurransen innan norsk mjølk og mjølkeprodukt. Evalueringa av ordninga vart levert som ein fagleg rapport 16. desember i fjor.

– Her konkluderte Landbruksdirektoratet med at dei konkurransefremjande tiltaka er årsaka til at vi i det heile har konkurranse i mjølkesektoren, og at om tiltaka blir redusert, vil konkurransen svekkast. Samstundes aukar faren for at importen vil auka om det ikkje er norsk konkurranse på rettferdige vilkår.

Ho seier at ho hadde venta at regjeringa ville lytte til faglege råd frå Landbruksdirektoratet, Konkurransetilsynet og Forbrukerrådet, og at dei ikkje ville rive ned den skjøre konkurransen som er i meierimarknaden.

– Dette er ein trugsel mot vår eksistens og måten vi har operert på i 23 år. Vi kan ikkje drive med konsummjølk som i dag med så store kostnadsulemper som det vil vera å konkurrera mot Tine. Dei har for eksempel direktetransport ut til butikkane medan vi må førehalda oss til ein kostbar mellomfrakt.

Det vil òg vera dyrare å konkurrera på primærleddet, seier Aasheim.

– Desse kostnadane vil ikkje Q greia i konkurranse med Tine råvare/Norsk melkeråvare, som er eit selskap som skal gå i balanse og som får kostnadane sine dekka.

– Det blir argumentert med at det er mjølkeprodusentane som betalar for dei konkurransefremjande tiltaka?

– Når eg blir møtt med den påstanden av politikarar som burde visst betre, blir eg rasande. Dette er ikkje sant. Avgiftene som dekker desse tiltaka er betalt inn av meieria sjølv, og er til sjuande og sist belasta forbrukarprisane gjennom prispåslag på mjølka.

Melkeforliket i 2007 og gjentekne løfte i 2017 om at konkurransefremjande tiltak er ein botnplanke for å korrigere for permanente konkurranseulemper, låg til grunn for avgjersla om å satse på norsk mjølk og investere i nytt meieri på Jæren, seier Aasheim.

– Først når vi har verksam og berekraftig konkurranse, kunne tiltaka vore avvikla, å gjere det nå, blir heilt feil.