KRONIKK

Kva er samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling på landbrukseigedom?

15. februar 2024

Nye prisar, nye tider: Salet av Hole gard på Voll i Klepp kommune (t.v.) og ein annan stor gard på Høg-Jæren i Hå kommune, har vekt merksemd – og behov for politisk og byråkratisk nytenking. Foto: FINN.no/Landkreditt Eigedom og Eiendomsmegler 1 Jærmeglaren

Salet av to sjeldan dyre gardar på Jæren reiser ei rekke prinsipielle spørsmål som treng avklaring.

Bjørn Lende, bonde, lærar og nestleiar i styret i Jæren Sparebank

Ein svært stor del av eigarskifta i landbruket skjer internt i familien. På Jæren har det ikkje vore mange gardar med stor landbruksproduksjon på fritt sal dei siste åra. Utviklinga i landbruket gjev grunn til å tru at det framover kan bli meir vanleg. Neste generasjon kjenner heldigvis ikkje på den same plikta til å ta ansvar for å driva slektsgarden vidare. Meir kompleks drift, og større krav til dei som skal drive, gjer at fleire ikkje ynskjer å ta det ansvaret.

Satsar høgt

Den siste tida er to gardar med høg prisklasse lagt ut på marknaden. Den eine ligg i Hå kommune, denne er med bakgrunn i kjøpekontrakt også konsesjonsbehandla. Me kan i dette tilfellet konstatere at marknaden er viljug til å betale ein høgare pris enn den kommunen er viljug til å gi konsesjon til. Medan den avtalte prisen for garden med 440 da jordbruksjord, inkludert ein mjølkekvote på 350 tonn, var kr 25.500.000,-, seier kommunen at den maksimale prisen dei kan akseptera er kr 20.000.000,-.
Nokon vil kan hende tolke det som eit uttrykk for ungdommeleg overmot, når eit ungt par er viljuge til å betale så mykje for å kome inn i landbruket. Uavhengig av den vurderinga er det svært positivt at nokon er klar til å driva dei gardane som av ulike grunnar ikkje kan vidareførast i familien.

Kontroll og fridom

Det er konsesjonslova som set krav om at overdragingar av landbrukseigedommar over ein viss storleik skal godkjennast av kommunen. Det er likevel nokre unntak, blant anna er overdraging innan familien friteke.
Konsesjonslova, saman med jordlova, vert sett på som viktige reiskap for å sikra at jord- og skogbrukseigedommar vert forvalta i samsvar med samfunnet sine interesser. Dette blir blant anna grunngjeve med at desse areala har stor samfunnsmessig interesse, og at landbruket gjennom ei rekkje ordningar vert tilført midlar frå offentlege budsjett. Fleire krav vert stilt for å oppfylla kravet til å få konsesjon. Mest sentralt er bu- og driveplikta, som òg gjev heimel til å vurdere om kjøpar er eigna til å drive eigedommen.
Me skal sjå nærmare på priskontrollen som er heimla i § 9 med uttrykket: tilgodesjå ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling. Lova seier ikkje noko nærmare om kva ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling er, men Landbruks- og matdepartementet har i fleire rundskriv gitt føringar for gjennomføring av konsesjonshandsaming, siste gong i 2021 (M-1/2021).
Det er verdt å merkja seg at den einskilde kommunen har stor fridom i priskontrollen. Det står i rundskrivet: Det skal imidlertid foretas en helhetsvurdering av alle momentene. Selv om kommunen mener at prisen er for høy, kan kommunen følgelig etter en samlet vurdering gi konsesjon.

«Marknaden er viljug til å betale ein høgare pris enn den kommunen er viljug til å gi konsesjon til.»

Bjørn Lende

For høg pris?

Det vanlege har vore å fastsetja verdien på jord til avkastningsverdi, og bygningar til det dei vil koste i dag, med fråtrekk for nedskriving i høve til forventa levetid. I tillegg vert det gjort ei vurdering av samla pris opp mot avkastninga på eigedommen. Kommunedirektøren i Hå (les landbrukskontoret), skal ha ros for å ha gjort ei grundig verdi vurdering. Det er sett opp tre ulike alternativ for drift, og kva det kan gi i avkastning.
Konklusjonen er at med alternativet som er lagt til grunn for den høgaste prisen, vert for mykje av inntektsgrunnlaget henta utanom garden. Ut frå tala er det ikkje vanskeleg å vera einig i at prisen er altfor høg i høve til moglegheita for inntening. Ein må likevel vera klar over at når ein set konsesjonsprisen på ein landbrukseigedom, så seier ein samstundes noko om kva pantegrunnlag eigedommen har.
Dette er grunnlaget for finansiering, ikkje bare når ein skal kjøpe eigedommen, men også når det skal gjerast investering på eigedommen. Vert pantegrunnlaget for lågt, kan det vera vanskeleg å fornye driftsapparatet.

Reiser fleire spørsmål

Det er viktig å klarleggja korleis kommunane framover vil vurdere konsesjonsprisen på gardar med dette prisnivået. Ein bør kan hende også revurdere måten ein omset gardane på. Det er litt meiningslaust med ein bodrunde der den prisen som vert oppnådd, i ettertid vert sett ned ved konsesjonshandsaming.
Denne saka har òg interesse ut frå den debatten som har gått om talgrunnlag, arbeidsvederlag og kapitalavkastning i landbruket. Etter kommunedirektøren i Hå sine tal, vil ein gard på Jæren på denne storleiken og tilsvarande produksjon, gi kr 200.000,- i arbeidsvederlag, om du har kr 15.000.000,- i gjeld. Ikkje mykje for ein produksjon med arbeid til to årsverk. Eit relevant spørsmål er då: Kva er ein samfunnsmessig forsvarleg økonomi i mjølkeproduksjonen?
Det spørsmålet, derimot, slepp Hå kommune å ta stilling til.