HØYR!

Kva «kursendring»?

24. februar 2023

Kvar vil Borch at kursen i landbruket skal gå? Kva vil ho endre?

– «Kursendring» er et finord som politikarane nyttar når dei ikkje har noko fornuftig å koma med, seier Geir Ingvald Svihus. Han vil ha mindre ord og meir handling frå Landbruks– og matminister Sandra Borch.

Jane Brit Sande

Sandnes-bonde Geir Ingvald Svihus har sett seg lei av politikarar som kjem med det han meiner er tomme ord og frasar. Nyleg tok han til orde mot politikarane, i dette tilfellet Landbruks– og matminister Sandra Borch, sin bruk av ordet «kursendring», i Bondevennen sitt kommentarfelt på Facebook.

– «Kursendring» er eit finord som politikarane nyttar når dei ikkje har noko fornuftig å koma med. Så klappar me i hendene, og er samde i at det må til, illustrerer Svihus, då me snakkar med han.

– Og så veit me kva dei ulike partia meiner når dei snakkar om «kursendring ». Høgre og FrP meiner større konkurranse og større bruk, Raudt og SV meiner meir økologisk, meir ulv, og mindre gris – for å seie det veldig enkelt.

Men Svihus saknar noko konkret bak alle orda.

– Kvar vil Borch at kursen i landbruket skal gå? Kva vil ho endre? Kva skal me ha meir eller mindre av? Eg saknar ein plan, og kva grep – heilt konkret – ho vil ta for å få landbruket på det ho meiner er rett veg, seier han.

– Me gjer rett i å klaga på dårlege rammevilkår, seier Svihus.

– Men det betyr ikkje at me ikkje treng ta grep på eigen gard, og utvikle den i for framtida, seier han.

Bønder som satsar mange millionar og binder seg med gjeld og avdrag i lang tid framover, drøymer ikkje om kursendring, seier Svihus.

– Desse bøndene drøymer kanskje heller om stabile vilkår slik at han heller ho kan konsentrere seg om sin produksjon. Det er ikkje rikdom og heider som driv landbruket her på Jæren. Det er viljen til å produsera mat og utvikla eiga drift, seier han. Svihus er sikker på at nedgangen av bruk vil halde fram. No må merksemda rettast vekk frå dei som vil slutta som bønder.

– Økonomien må opp hjå dei som ein veit vil vera i yrket lenge framover. Økonomien er for svak, og rammevilkåra er for dårlege, slår Svihus fast, og summerer opp:

– Mindre ord, meir konkrete planar og handling.