HØYR!

– Landbruket blir angripe

Foto: Privat

Me må få eit jordbruk som er tilpassa naturgrunnlaget, og som ikkje er basert på transport.

– Det som bit hardast, er at forbodet berre gjeld matproduksjon, seier Nils Melbøe, leiar i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, om forslaget om forbod mot nydyrking av myr.

Jane Brit Sande

Før jul kom ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå styresmaktene og bondeorganisasjonane med framlegg til tiltak for å få ned klimagassutsleppa frå landbruket. Framlegga dannar grunnlag for forhandlingar mellom staten og landbruket om ei klimaavtale. Forbod mot nydyrking av myr er eit av framlegga, noko regjeringa også la fram eit lovforslag om i desember. Melbøe er svært kritisk til framlegga.

– Det som bit hardast er at desse forbodet berre gjeld matproduksjon. I forslaga er det berre nydyrking som skal bli forbode. Landbruket blir angripe, medan myr fortsatt kan byggast ned til fordel for veg, industri og hus, seier han.

Melbøe meiner tiltaket vil gå utover matproduksjonen.

– Mange gode landbruksområde er danna av myrjord, område som er viktige både for å mogleggjere bonden sitt levebrød, og for å sikra nasjonen mat. Skal me auke matproduksjonen, må me også auke jordbruksarealet, slår han fast.

– Eit argument går ut på at nydyrking av myr vil frigjere CO2 og metan. Men det blir ikkje tatt omsyn til bindinga i jord, så reknestykket til arbeidsgruppa inkluderer berre utgiftene, seier Melbøe.

Han meiner også at metangass blir framstilt som meir skadeleg enn den eigentleg er.

– Metangass treng ti år for å brytast ned, medan CO2 treng 100 år. Dette blir det heller ikkje teke omsyn til.

Eit anna argument for forbodet, er å sikre den flaumdempande effekten av myr.

– Det er heilt feil. Den flaumdempande effekten forsvinn ikkje om myra blir dyrka, seier han.

Eit tredje argument er å sikre raudlista og sjeldne plante- og dyreartar.

– Myr utgjer ti prosent av landarealet. Det er inga storstilt nedbygging av myr. Eg trur heller dette forbodet vil føre til ei storstilt nedbygging av norsk landbruk. Dette er tatt ut av proporsjonar, seier Melbøe.

– Kva meiner du at er realistiske klimatiltak i landbruket?

– Me må få eit jordbruk som er tilpassa naturgrunnlaget, og som ikkje er basert på transport. Me må produsere mest mogleg mat lokalt, og desentralisere produksjon og industri. Sjå berre på REKO-ringane som blomstra opp i fjor. Dei er eit motsvar til at alt må innom eit sentrallager, seier han.

– Få bønder jublar over forslag til utslippskutt i landbruket. Kan dei bli oppfatta som klimasinker?

– Ja, eg ser den. Men det skuldast utelukkande at det ikkje blir tatt omsyn til CO2-binding i jord. Eit beitebasert landbruk er gunstig for miljøet. Beitedyr, og med dei utnytting av utmarksressursane er løysinga for klimaet.

– Landbruket skal også gjere sitt for å kutte i klimagassutslippa, inga tvil om det, slår han fast.