Må sleppe: Lausdriftskravet må fjernast for små besetningar, meiner rekneskapsførar Jostein Røysland. Foto: Liv Kristin Sola

LESARBREV

Lausdrift for mindre buskapar – realistisk?

jun 1, 2021

Kravet om lausdrift skal tre i kraft frå 2034. Så langt eg har fått med meg, er det framleis eit politisk ønskje om å ta vare på mindre mjølkebruk. Eitt tiltak som vart gjort i denne samanheng, var å gi eit eige tilskot til besetningar mellom 15 og 23 kyr, eit tilskot som gradvis vert fjerna når ein overstig 23 kyr, og er heilt borte frå og med når ein passerer 51 kyr.
Trass dette, kva er dei økonomiske realitetane for ein bonde med 15 kyr som vil bygge om til lausdrift? Eit slikt spørsmål vil ein vanskeleg kunne gi eit svar på med to strekar under. Mykje kan variere frå gard til gard, frå år til år og frå bonde til bonde. Og alle forhold vil ein ikkje kunne kome inn på her. Men, vi kan kanskje seie noko om nivået.

Høge kostnadar

I følgje bygningsrådgivar Torfinn Nærland i Tine Rådgiving, vil eit nytt lausdriftsfjøs med kvigeoppdrett, kome på minst fire millionar kroner. Faktisk så har ein då spart på så mykje, at bønder flest truleg vil seie, at sparinga har gått for langt. Me snakkar då om eit heilt enkelt, uisolert bygg, utan kjellar under, med eigen gjødselkumme, og med brukt mjølke-robot. I følgje Nærland er det veldig enkelt å få eit fjøs av ein slik storleik til å koste seks millionar kroner.
Om ein så tenkjer seg at ein får 30 prosent tilskot (som veldig få får), så sit ein att med 2,8 millionar i byggekost, som ein må betala sjølv. Om så dette vert finansiert med lån; annuitet, tre prosent rente og 20 års avdragstid, så er dette ei årleg utgift på kr 186 345 i 20 år. I tillegg aukar årlege driftsutgifter til robot i forhold til tidlegare mjølkemaskin. Har ein tidlegare nytta tårnsilo, og ikkje kan nytta denne lenger, men til dømes bruke rundballing, så vil truleg også dette auke dei årlege utgiftene.

Dekningsbidrag med tilskot 15 årskyr inkl. tilskot   600 000
– Maskinkost, med leasing og avskriving, (fornying med) 114 000  
– Bygningskost utan avskriving (fornyinga/avskriving ikkje med) 56 000  
– Andre faste utgifter 72 000  
– Ekstra utgifter til vedlikehald mjølkerobot 40 000  
= Sum 282 000  
– Utgifter til renter og avdrag ny bygning m/utstyr 186 000  
= Sum kostnadar etter utbygging 468 000 468 000
Dette er så att til å dekke eige arbeidsvederlag og anna gjeld. (Men, det vil kome seg etter 20 år når fjøslånet er nedbetalt):    132 000

Går ikkje i hop

Kva er så nivået på inntektene og dei andre utgiftene på ei besetning på 15 årskyr? Eg har her teke utgangspunkt i faktiske rekneskap i Bjerkreim i 2020, i besetningar av ein slik storleik (snittet av dei faktiske rekneskapa der det vert drive med frå 10 til 20 kyr).
Resultat:

  • Dekningsbidrag med tilskot, per årsku kr 40 000. D.v.s. 15 kyr – kr 600 000.

Når det så gjeld dei faste kostnadane for bruk i denne storleik (same som ovanom), så har eg prøvd å fordele desse forholdsvis mellom storfe og andre produksjonar på bruka, ut frå grovfôrforbruket til mjølkeproduksjonen. Dette gjer at av dei totale faste kostnadane desse gardane har hatt, så er 57 prosent fordelt til mjølkeproduksjonen. Om 15 kyr er einaste produksjonen, vil nok desse kostnadane auka. Ut frå dette får me reknestykket under.

Ombygging dyrt

Nå er det jo slik at når ein bygger nytt, så får ein som oftast større kostnadar. Kan ein ikkje kompensere dette med til dømes auka produksjon, så sit ein att med mindre. Dette er ikkje noko nytt. Utfordringa her er at mange i denne situasjonen sit med bygningar som på ingen måte er utslitne. Om- og påbygging av desse båsfjøsa til lausdrift er også kostbart, ofte 70-80 prosent av nybygg.
Det kan nok innvendast at eg har blanda litt kostnad (avskriving) og nedbetaling av lån. Ein må jo håpe at fjøset varer lenger enn 20 år. Uansett skal utgiftene dekkast desse 20 åra, eventuelt 25 år. Men, om ein fordeler kostnaden over tenkt levetid, så vil resultatet auka.
Ut frå dette har eg problem med å sjå at små besetningar har ein reell mulegheit til å tilpasse seg dei nye lausdriftskrava. Desse krava meiner eg derfor at må fjernast for små besetningar. Hugs, desse besetningane kan som oftast oppfylle beitekravet på ein god måte.

Jostein Røysland, autorisert rekneskapsførar og dagleg leiar, Bjerkreim Rekneskapskontor AS  

Stikkord denne saka: , ,
Share This