HØYR!

Lokallaga bygger demokratiet

Foto: Hordaland Bondelag

I dag er den sosiale settinga viktigare enn formalitetane.

I Hordaland skal 3.755 medlemmar fordelt på 39 lokallag i 33 kommunar velja nye styre og diskutera aktuelle saker og strategi for det komande arbeidsåret. – Lokalaga er viktige for demokratiet, meiner organisasjonssjefen i Hordaland Bondelag.

Sjur Håland

Lars Peter Taule har vore på ein del lokallagsårsmøte gjennom dei siste 25 åra. Medlemane står ikkje i kø for å sikra seg tillitsverv, erfarer han.

– Det er dessverre slik at enkelte lokallag slit, særleg med å få nokon til å ta på seg leiarvervet. At enkelte i staden står lengre i vervet enn dei hadde tenkt, bidreg derimot til kontinuitet og er positivt. Organisasjonsarbeid på lokalt plan er faktisk svært viktig for demokratiet i landet vårt, understrekar han.

– Kva er årsakene til at styreverv er mindre attraktivt?

– Folk har lite ledig tid. Då blir ofte det som gir utteljing her og nå aktuelt, medan arbeid for fellesskapet blir prioritert vekk. Så er det fascinerande at dei stadane der bondelaga blir eit verktøy for å få ting til å skje lokalt, så blir det med ein gong meir interessant å vera med. Aktivitet og fordeling av ansvar i styra er viktig for å lukkast, erfarer Taule.

Han held fram at den yngre garden er flinke i så måte.

– Dei er superflinke på å bruke sosiale media. Unge styremedlemmar er snare med å dela aktiviteten dei er med på og får verkeleg synleggjort det viktige arbeidet dei står i.

Avsetnad og mottak av brukt landbruksplast blir diskutert der bønder frå Hordaland samlast for tida. Det same gjeld Gjødselvareføreskrifta. Vidare er lokallaga i Hordaland opptekne av gåseforvalting og skadar etter hjort.

– Når dei ikkje er nøgde med vår jobb med forvaltningsplanane opp mot kommunar og fylkesmann, får me klar beskjed på årsmøta om å skjerpa oss. Det er bra.

– Kva med typiske saker som økonomi, ramevilkår og jordbruksforhandlingane?

– Før var årsmøta meir formelle, med desse tema som fast post. I dag er den sosiale settinga viktigare enn formalitetane. Medlemmane finn mykje av informasjonen på nett, dei som er interessert i den overordna landbrukspolitikken har kunnskapen på plass like snart som oss.

– Kva skjer eigentleg på årsmøta?

– Årsmøta er lokallaga sine møte. Skilnaden mellom laga er stor. Nokre lag har mest ikkje tid å avsjå til fylkeslaget, medan andre vil me skal bidra meir. Me frå fylkeslaget oppmodar lokallaga om å vera medvitne på kva dei vil med laga sine. Å løfta fram «kvardagsbondelaget» og viktigheita av samhaldet mellom medlemmane er viktig. Bøndene sin kvardag knytt til klimautfordringar, dyrevelferd, økonomi og psykisk helse, blir også diskutert.

– Kvifor bør folk engasjera seg i eit faglag som Bondelaget?

– Det er ein naturleg arena for bønder som er opptekne av å halda i lag.