MOLDROK

Lunsj med bismak på Kornkonferansen

21. februar 2020

Ideal vs. realitet: Ikkje før var kokken ferdig med å tala om respekt for maten og bonden, før 30 prosent av Kornkonferanse-lunsjen gjekk i bio-avfallet. Foto:Istock

 

Kjersti Kildahl, Ås

Nokre gonger bur djevelen i detaljane, blir det sagt. Andre gonger er det Gud. På Kornkonferansen 2020 i slutten av januar var det nok djevelen. Arrangørane var Norges Bondelag og Norske Felleskjøp, og på dagsordenen stod alt frå dilemma ved soyaproduksjon, -import og -bruk, til landbrukets klimaavtale og utvikling i kornareal. Ein raud tråd var berekraftig matproduksjon, klima- og miljøtiltak. Eit konkret tiltak løfta fram som viktig, var reduksjon av matsvinn i alle ledd. Altså innan matproduksjon, matindustri, handel og forbruk. Tiltak også Klimakur 2030 nyleg har trekt fram. Alle kan gjere litt, som det heiter. Så la oss sjå nærare på kva som skjer når forventninga til det ein skulle tru var innanfor ‘alle kan gjere litt,’ ikkje blir møtt.

Kva signal sender det når ord og handling ikkje heng saman? Som kommunikasjonsrådgjevar (i NIBIO) er eg fagleg og personleg opptatt av truverdig kommunikasjon. Eg vil fortelje om dagens matservering: Før lunsj vart vi grundig orienterte om at konferansesenteret legg vekt på lokale råvarer og gode smakar. Respekten for maten vart tydeleg formidla. Vel inne ved borda fekk vi forsyne oss sjølve av gulrotsuppa – nydeleg. Både suppa og det at vi fekk ta så mykje eller lite vi ønskte. Så følgde byggryn og kylling. Velsmakande også det, men – store porsjonar laga klar til kvar enkelt før servering. Altså kunne vi ikkje påverke kor mykje som var på tallerken.

Av dei ti rundt bordet, leverte fire mat ut igjen. Sjølv pakka eg restane mine i lett brukt serviett. Eg kastar ikkje mat. Om sidemannen min vart flau, veit eg ikkje. Ho tok det fint. På arrangørsida derimot, var det grunn til å skjemmast viss dei hadde tenkt seg om. Kor mykje mat gjekk ut av salen som avfall etter det måltidet? Om vi legg til grunn at bordet eg sat ved er representativt, så gjekk sikkert 20, kanskje nærare 30, prosent av hovudretten ut som matsvinn. Fem av ti løyvde litt eller mykje mat. Matsvinnet var truleg det same her som ein reknar som gjennomsnittleg på verdsbasis – rundt ein tredel av all mat blir ikkje eten.

Men historia sluttar ikkje her, neida. På veg ut av matsalen spør eg ein tilsett om emballasje til restematen eg hadde tatt med meg. Han ser ut som eit stort spørsmålsteikn, men tipsar meg om å spørje i resepsjonen. I resepsjonen fortel eg om stor porsjon og mat til overs, at eg vil ta med heim, og om dei har ein plastpose å gi meg. (Hadde vore betre å be om ein pose, men det berre glapp ut på den måten.)

– Dessverre, det har ikkje vi, for vi er Miljøfyrtårnsertifisert, sa ho i resepsjonen og peika på plakaten på veggen.

– Ha-ha, den var god! tenkte eg. Plast er fy, men å kaste mat er ok.

Eg takka ja til tilbod om papirpose. Den var storleik XL og kunne lett ha romma ei middels handlekorg. Men sidan servietten var delvis i oppløysing og tida knapp, måtte det bli slik. Med på kjøpet av ho bak disken fekk eg høyre at maten ikkje gjekk til spille, men til gjenvinning. Bioavfall, må vite, og blir til drivstoff. Eg tok til orde for at det er betre om maten blir eten, men dessverre var det ikkje tid å ta den samtalen.

Respekt for maten, vart det sagt frå podiet på Kornkonferansen 2020. Respekt for bonden, for dyra og for arbeidet. Det handlar også om å spegle det store i det små. For Gud kan bu i detaljane. Men det krev noko av oss. Og at alle gjer ‘litt.’ Det handlar om å leve slik vi snakkar – for å vere til å stole på, og for å byggje tillit.

Walk your talk.

Tida for festtalar er over. Alt må begynne ein stad. Viss ein kan kutte ut plast, så er det vel mogleg å tilby ta-med-heim kartongar òg. Eller enda betre: la folk få forsyne seg sjølve, eventuelt servere mindre porsjonar og tilby påfyll til dei som ønskjer det. Eg har forståing for effektivitet og bedriftsøkonomi, men berekraftig er han ofte ikkje – bedriftsøkonomien. Ved ein stor og mykje brukt møteplass som Oslo konferansesenter, eigd av fagrørsla, og på eit arrangement av Norges Bondelag og Norske Felleskjøp, kunne vi ha håpa at orda i salen spegla seg i handling. Dessverre, ikkje denne dagen.