MI MEINING

Må dela på det me har

Det er alltid nokon som har det verre enn deg sjølv. Dei må me tenka på no.

Bondelagsleiar i Hordaland Kjetil Mehl, oppmodar bønder til å dela grovfôret sitt med dei som har for lite. – På sikt trur eg alle vil tena på å hjelpa kvarandre, seier han.

Bothild Å. Nordsletten

– Det handlar om å vera solidarisk i krisa som me har over heile Sør-Noreg, om å dela på det me har, seier Mehl.

– Det er alltid nokon som har det verre enn deg sjølv. Dei må me tenka på no. Dei aller fleste her i fylket kan auka kraftfôrdelen monaleg i forhold til det dei nyttar til vanleg. Rådgjevarane fortel at me kan nytta opp til 50 prosent kraftfôr til kyr og oksar. Då kan ein spara alvorlege mengder grovfôr.

– Er dette eit tema som opptek medlemmane dine?

– Det er ikkje mykje diskutert. Dei eg har nemnt dette for, meiner det er ein god tanke og at behovet for solidaritet burde formidlast av samvirka for å få litt blest og tyngde bak oppmodinga. Det gjeld jo ikkje berre dei som har masse grovfôr, men òg dei med 80-90 prosent av ei normalavling. Dei kan vera solidariske, kjøpa litt meir kraftfôr og selja grovfôr til kraftfôrpris, så dei ikkje tapar på det. På sikt trur eg alle vil tena på å hjelpa kvarandre. Me bør unngå import som kan føra til at me får inn smitte, noko me eventuelt ikkje anar konsekvensane av før til neste år, eller lenger fram.

– Tine snakkar om å auka forholdstalet – kva konsekvensar kan det ha for oppmodinga di om solidaritet?

– Eg trur ikkje det spelar stor rolle, for alle kan framleis auke kraftfôrdelen og framleis mjølka like mykje.

– Kva meiner du om auka forholdstal?

– Tine er jo nøydd til å prøve å produsera så mykje at me dekker etterspurnaden, så det er jo rett. Om mjølka blir produsert her eller der tyder ikkje så mykje. Det viktigaste er at me klarar å oppretthalda produksjonen på det nivået som marknaden etterspør. Me har nok import.

– Vil bøndene ta oppmodinga di og vera solidariske, trur du?

– Eg håpar det inderleg. Eg kan ikkje tvinga folk, men dei som delar grovfôr får iallfall ei stor stjerne hjå meg. Så vonar eg at me har like mange bønder som vil produsera kvalitetsmat også til neste sommar – at me ikkje mister nokon på vegen. Ei solidarisk fordeling av fôret kan vera med å bidra til at han som vurderer å gi seg, ikkje gjer det.