HØYR!

– Må endra GMO-retningslinene

30. mars 2022 | Dessutan

Mykje av det som fell innafor GMO boksen i dag er ikkje anna enn det me alltid har drive med.

Ei komande matkrise gjer det naudsynt å straks endra GMO-regelverket for å få tilgang til nye marknadar for fôrråvarer, meiner Torleiv Jansen Bru.

Sjur Håland

– Det blir både arrogant og naivt å seia at me her i landet ikkje vil bruka GMO-råvarer, medan folk andre stadar i verda svelt, seier han.

Bonden refererer til signal som tyder på at verda står overfor ei stor global matkrise.

– Særleg ein del folkerike land i Nord- Afrika, som får svært mykje av kornet frå Ukraina eller Russland, står nå i fare for å få for lite mat. Eg trur me kjem til å sjå humanitære kriser som me ikkje har sett før. Den dramatiske flyktningkrisa me ser i dag kan faktisk bli liten, dersom til dømes menneska i Nord-Afrika ikkje får nok mat.

Saman med kona, Aud Jorunn Gjedrem Bru, driv Torleiv med sau, ammeku og kylling på Bru i Stavanger kommune. Som utsending til Felleskjøpet Rogaland Agder sitt årsmøte nyleg, tok han bladet frå munnen i årsmøtedebatten. Han understrekar at han ikkje er nokon ekspert på GMO-fagfeltet.

– Likevel meiner eg det er på høg tid å sjå med nye auge på den norske GMO-reguleringa, seier han.

Me ser den urolege stoda i verda. Ting endrar seg dag for dag. Norske kraftfôrfabrikkar kan ikkje utan vidare berre kjøpa fôrråvarer som trengst til brød og blanda det i kraftfôret, seier han.

– Den amerikanske marknaden er i stor grad avskoren frå oss på grunn av det eg meiner er ei gammal lovgiving, basert på frykt, vankunna og faktisk også konspiratoriske teoriar.

Kunnskapen om GMO er ein annan i dag. Det er ikkje nødvendigvis slik at plantene er «tukla med», meiner han.

– Det blir for enkelt. Mykje av det som fell innafor GMO-boksen i dag er ikkje anna enn det me alltid har drive med, nemleg kryssing, avl og foredling på utvalde eigenskapar. Men med resultat i løpet av eitt til to omløp.

– Det norske landbruket har vel halde fram GMO-frie råvarer som ei av føremonene?

– Ja, og skepsisen har vore stor. Svært mykje skuldast nok mangel på oppdatert kunnskap. Både blant oss i landbruket og i samfunnet elles.

Han oppmodar kraftfôrprodusentane og Bioteknologirådet om å gå saman, driva folkeopplysning og finna nye retningsliner. Og det hastar.

– Om ein ikkje straks finn løysingar for all framtid, bør det opnast opp for hastedispensasjonar i desse ekstreme tidene som gjer det mogleg å ta i bruk til dømes soya og mais frå USA i kraftfôrråvarene, seier han.