HØYR!

– Må ta tak i inntekta

22. oktober 2021

Me har satsa her på garden fordi me vil vere med i framtida. Då må inntekta følga med.

Varhaug-bonde Magnhild Aanestad trur Hurdalsplattformen er eit godt utgangspunkt for landbruket dei fire neste åra. Ho er ikkje i tvil om kva landbruksministeren må ta tak i først.

Jane Brit Sande

– Eg ser positivt på det dei skal gå gjennom, og håpar dei også får gjennomslag, seier Magnhild Aanestad om den nye regjeringa og plattforma dei har lagt fram.

Ho og sambuaren driv med mjølk og gris på Varhaug på Jæren. Aanestad er ikkje i tvil om kva sak landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) må ta først.

– Ho må ta tak i inntekta til oss bønder, og tetta gapet mellom oss og andre yrkesgrupper. Det må vere meir attraktivt å driva landbruk, seier ho.

– Det er diverre ikkje berre å trykke på ein brytar. Pengane må kome frå ein annan stad enn tilskota, men samstundes kan ikkje maten bli så dyr at fleire ikkje har råd til den.

Aanestad kjenner mange historier om bønder som gir seg. Det gjer noko med ho, seier bonden.

– Eg tar nokon rundar med meg sjølv. Dei som gir seg har sine grunnar, og økonomi og tid til familieliv går att. Inntekta vår står stilt, medan utgiftene stig.

Ho og sambuaren har gjort store investeringar på garden, og fleire er i vente.

– Me hadde smågrisproduksjon, og har lagt om til kombinert. Då investerte me i eit bygg til fødeavdeling og slaktegris. Med mjølkekyr på bås må me i første omgang få på plass kalvings- og sjukebingar, og etter kvart også lausdrift, seier Aanestad.

Meldinga om å styrke investeringsmidlane gjennom statsbudsjettet, er gode nyheiter for landbruket. Blant anna skal lausdriftskravet følgast opp med slike midlar. Aanestad håpar dei får nytta seg av ordninga.

– Det vil bli snakk om mykje pengar når me etter kvart skal investere i mjølkefjøset. Men investeringa betyr ikkje at me kjem til å tene meir. Kravet om lausdrift er politisk styrt, og då skulle det berre mangle at midlar for å gjennomføre kjem frå politisk hald, seier ho.

– Me har satsa her på garden fordi me vil vere med i framtida. Då må inntekta følga med, utan at me må utvida drifta og bygga store fjøs, for å tene til livets opphald.

Aanestad er glad for å sjå at velferdsordningane skal vidareutviklast.

– Det er svært dårleg tilrettelagt for å vere gravid eller bli sjuk som bonde, seier ho, og minnest ei tungvinn papirmølle ho måtte gjennom då ho var gravid og etter kvart i barsel.

– Eg brukte far som avløysar. Dét er ikkje ei løysing alle kan nytta, seier ho.

Mange bønder presser seg ekstra, sjølv om ryggen er vond eller fingeren er knekt, seier Aanestad.

– Me står han heller av. Uansett kan me ikkje vere 100 prosent sjukmeldt, fordi då har me ikkje lov å betala ei rekning eingong. Går det gale når me skal hjelpa avløysaren med ei ku, er me ille ute, seier ho.