HØYR!

Må tola dagens lys

Foto: Caroline Roka

Ved å vera opne kan me vonleg styrke tilliten.

– Husdyrnæringa må møta krava til å vera opne og vise at me ikkje har noko å skjula, seier spesialveterinær Käthe Elise Kittelsen.

Bothild Å. Nordsletten

Dyrevernalliansen sin kampanje «Ut av mørket» er nettopp over. Den sette søkjelys på forholda for dyr i innandørs produksjonar. Spesialveterinær i Animalia, Käthe Elise Kittelsen, meiner kampanjen var eit uttrykk for eit stadig aukande krav frå omverda om innsyn i husdyrproduksjonane. Ho trur at installering av kamera med live overføring frå fjøset, kan vera ein idé for bønder som ynskjer å møta innsynskravet.

– Alt me gjer må tola dagens lys. Alle sider av produksjonen vår, seier ho.

– Det er ikkje for alle, men nokre bønder vil kanskje visa fram det dei driv med. Og driv dei i tråd med regelverket, skal det jo kunne visast fram, seier ho.

Kamera er installert på fleire gardar i utlandet, men er ikkje særleg utbredt her heime enno. Og heilt uproblematisk er det heller ikkje, vedgår Kittelsen.

– Bedøving eller avliving av sjuke dyr er dyrevelferdsarbeid i praksis, men forbrukarane vil truleg reagera på det, uansett. Død er jo ikkje vakkert. Nokon må forklara kva som skjer og kvifor. Du har heller ingen garanti for at bileta ikkje blir misbrukt. Du viser openheit, ok, men du misser også kontrollen når du live stream’ar og bileta blir lagt på nettet. Kittelsen seier det er store skilnadar på korleis landbruket tilnærmar seg krava om innsyn. Tanken om å vera meir opne ligg nærare i somme delar av næringa enn i andre.

Spesialveterinæren innser at nokre bønder kan kjenna presset om å opna opp som ei utfordring.

– Eg kan forstå at mange bønder tykkjer det blir mykje no. Men eg trur ikkje me blir ferdige med dette. Me lever i eit kunnskapssamfunn. Det vil alltid koma nye krav og nye haldningar, og forbrukarane vil stilla spørsmål ved det dei opplever som ukjent og vanskeleg. Me må forholda oss til desse endringane, og til at grensene for kva som er bra nok flyttar seg heile vegen.

Ho minner om at tilliten til husdyrnæringa er svekka, trass i alt det gode arbeidet som er gjort, som miljøberiking i fjørfehusa.

– Ved å vera opne kan me vonleg styrke tilliten. Me må vise at me ikkje har noko å skjula. For det har me jo ikkje.

– Kor er landbruket om 10-20 år når det gjeld innsyn frå omverda?

– Eg trur ikkje samfunnet sine krav til å opna opp vil bli borte. Husdyrnæringa må finna gode måtar å forholda seg til dette på; måtar som også tek vare på bøndene si velferd. Krav om dagslys via vindauge eller lys med dagslysspekter kan kome i husdyrproduksjonar som hovudsaklig føregår innandørs.