HØYR!

Me bør ta ned temperaturen

Foto: PRIO

 

 

Folk er gjerne meir lyttande og kompromissvillige når mikrofonen er slått av.

Debatten mellom kjøtetarar og veganarar vekker sterke kjensler for tida. Filosof Henrik Syse meiner det kan vera fruktbart å ta ned temperaturen.

Bothild Å. Nordsletten

– Dei som deltek i debatten, føler at dette handlar om prinsipp og om viktige ting for dei sjølve og for samfunnet. Nettopp difor må me snakka med kvarandre, lytta og ha respekt for kvarandre – fordi så mykje står på spel. Det seier Henrik Syse, som er filosof, seniorforskar ved Prio, Institutt for fredsforsking, og professor ved Bjørknes Høyskole.

– Korleis snakkar me med kvarandre då, når tema er så betent?

– Me må skapa gode rammar rundt debatten og ikkje vera redde for spørsmåla som kjem. Meldingane kan godt vera sterke og klåre, men me må òg vera lyttande. Nokre er redde for å lytta, fordi dei trur dei då går inn på premissa til den andre sida. Så må me tora å lytta til fakta – og å diskutera dei. Ikkje manipulera dei. Både sider må kome fram med dei fakta som dei tykkjer er viktige. I ei tid med mange såkalla ekkokammer av berre likesinna, treng med meir debatt. Ikkje mindre.

– Og så trur eg faktisk me må ta temperaturen ned litt. Nettopp fordi dette er ein viktig debatt, som handlar om prinsipielle og praktiske spørsmål. Nokre trur at jo høgare temperatur, jo betre, for då overtyder ein motstandaren. Eg trur på det motsette.

– Som filosof, meiner du det er rett å ta livet av andre skapningar, for sjølv å eta og leva?

– Eg meiner ja, men det er ikkje eit uproblematisk ja. Og eg lyttar til dei som meiner at svaret er eit prinsipielt nei – og det utfordrar meg heile tida.

– Har me andre debattar som liknar denne, og som me kunne tatt lærdom av når me snakkar om kjøt kontra vegetarianisme?

– Ja. Paragraf 2C-debatten, eller abortdebatten. Den blir somme gonger enormt polarisert. Det er frustrerande, for då klarar me ikkje snakka om det som kan vera vegar til å finne betre løysingar. Generelt vil eg likevel seia at den norske, politiske debatten ikkje er så verst, iallfall når det ikkje er så mange tv-kamera til stades. Folk er gjerne meir lyttande og kompromissvillige når mikrofonen er slått av.

– Vil kjøtdebatten forandra Noreg på noko vis?

– Godt spørsmål – for det er så veldig mange debattar på ein gong no, og så vanskeleg å nå fram. Klima overskuggar med god grunn masse anna, og den heng jo saman med kjøtdebatten, men så er det ein heil masse andre debattar, og folk har mykje i kvardagslivet sitt…Spørsmålet er kva for ein debatt som overlever. Eg trur kjøtdebatten er grunnleggjande viktig, at den kan bli god, og at det er bra om bønder og bondevennar deltek.