HØYR!

– Me må provosere fram ei endring

15. september 2023

Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Me våger å seie tydeleg ifrå.

 ​Medlemstala peiker oppover for Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Jane Brit Sande

Etter fleire år med moderat medlemsnedgang, ser Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein oppgang.

– Sidan landsmøtet i november i fjor, har me hatt ein oppgang på 914 medlemmer (tal frå 8.sept., journ.mrk.), seier generalsekretær Anton Langeland.

– Me er veldig glade for å snu ein trend.

Oppgangen kjem ikkje av seg sjølv, seier generalsekretæren.

– Bøndene veit at organisasjonen står knallhardt på, og taler deira sak. Det gjer oss interessante for nye medlemmar, seier han.

– Me er veldig glade for å vere med og skapa engasjement i jordbruket, og tru på at dette betyr ei endring. Både generalsekretæren og medlemmene i styret er sjølv bønder som kjenner på dei same utfordringane som andre. Det er ein styrke, trur han.

– Me våger å seie tydeleg ifrå. Det set bøndene pris på.

– Er medlemstilstrøyminga eit teikn på protest?

– Nei, det trur eg ikkje. Men eg trur det er eit tydeleg teikn på ønske om endring, seier Langeland.

– Dagens jordbrukspolitikk gangar korkje bønder eller forbrukarar. Me må provosere fram ei endring, og då er det viktig å våge. Alt anna er, på sikt, mykje verre. Me må våge og ha meiningar og ta utfordringar som kan bevege oss i ein betre retning.

7000 medlemmar i Småbrukarlaget er til vesentleg skilnad frå Norges Bondelag sine 60 000.

– Me er jo litt «lillebror», absolutt, seier generalsekretæren.

– Men me er til for alle bønder, uansett produksjon og storleik.

No må Småbrukarlaget handtere medlemsveksten klokt, seier Langeland.

– Me skal halde fram med det me er gode på: Vere ein organisasjon som lyttar til grasrota. Her går kommunikasjonen nedanfrå og opp. Det er kort veg til leiinga, som skal lytte til det organisasjonen vil og seier. Det er sterke meiningar i organisasjonen, og det skal det framleis vere rom for. Sterke meiningar er utviklande for organisasjonen, seier han.

No skal Småbrukarlaget arbeide for å gjere heile organisasjonen meir synleg.

– Det viktigaste grepet blir å nytta meir ressursar på å bygge organisasjonen på fylkes- og lokallagsnivå, seier Langeland.

– Me skal også styrka oss fagleg – både jordbruksfagleg og politisk – og følgja opp saker på begge plan. Talgrunnlag, GMO og bruk og utvikling av metanhemming er døme på aktuelle tema.