HØYR!

Ingen sjølforsyningsplan ennå

25. september 2023

Eg meiner saka er viktig, og berre dét er ei politisk skiljelinje.

50 prosent sjølvforsyning er mogleg, men det kan ikkje løysast av politikk aleine, seier landbruksministeren.

Jane Brit Sande

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) stadfestar at den lova strategien for å auka sjølvforsyninga til 50 prosent, ikkje blir lagt fram i samband med statsbudsjettet 6.oktober.

– Nei, det går ikkje. Statsbudsjettet blir sendt til trykk no snart, seier ministeren til Bondevennen.

– Me skal utarbeide ein plan, men den er ikkje klar til dess. Kor lang tid det tar, avheng av kor omfattande planen skal vere.

– Men i løpet av dette stortingsåret, seier han.

Pollestad påpeiker at han prioriterer opptrappingsplanen nå.

– Kva må til for å nå sjølvforsyningsmålet?

– Eg meiner saka er viktig, og berre dét er ei politisk skiljelinje, seier ministeren.

– På kjøt og mjølk er sjølvforsyninga høg, men me har ein del import – særleg på kjøt. Men å ta ned kvotane som er gitt til andre land, vil bli vanskeleg, seier han.

Sjølvforsyning handlar om meir enn kva mat som blir produsert.

– Kva et me? Dette har innverknad. Et me meir rotgrønsaker i staden for importerte bananar, til dømes, vil sjølvforsyninga gå opp. Og det same med dyra, kva et dei? For å få opp sjølvforsyningsgraden må meir kraftfôr erstattast med grovfôr, og i kraftfôrproduksjonen er den norske kornproduksjonen viktig, seier Pollestad.

– Er 50 prosent sjølvforsyning mogleg?

– Det er mogleg, men det kan ikkje løysast av politikk aleine. Fleire må involverast. Både forbrukar og butikkjedene må vere med. Eg skal ta initiativ mot kjedene. I festtalane deira er dei opptekne av sjølvforsyning. Dette må forplikta. Forbrukaren må få høve til å velje norske varer i butikkane.

Tal frå 2021 syner at sjølvforsyningsgraden, korrigert for import av råstoff til kraftfôr, ligg på under 40 prosent. Tal frå 2022 er ikkje klare. Pollestad vil ikkje spekulera i kva tid sjølvforsyningsmålet er nådd.

– Produksjon må endrast i tråd med kva marknaden vil ha. Avlingar vil svinga frå år til år. Målet er at me over tid skal ha 50 prosent, men me må ta høgde for gode og dårlege år. I fjor var eit godt kornår. I år ligg det an til dårlegare sjølvforsyning. Tørke og flaum speler inn, illustrerer Pollestad.

– I ei spørjeundersøking i Rogaland, svara 20 prosent av bøndene at dei vil legga ned drifta dei neste 15 åra. Kor få bønder kan me klare oss med?

– Eg vil ikkje sette eit tal. Pollestad kan ikkje love fleire bønder eller at dagens tal blir ståande.

– Men me er på eit punkt der me treng kvar bonde, seier ministeren.