Lysa er framleis tende, sjølv om grendene har vore uvanleg stille desse førjulsvekene. Å synga julekvad og vera jublande glad i desember 2020, er betydeleg meir krevjande enn kva det normalt plar vera. Synging skal ein forresten vera særs varsam med fram til vaksinekortet er oppdatert med siste nytt i flytande form frå medisinlaboratoria. Miraklet i den vesle glasflaska kjem vonleg til eit helseherberge nær deg, ikkje så langt ut på nyåret.

Slik det er nå, kan ein superspreiar gjera hyggeleg korsang om Jesusbarnet og Jordmor-Matja til ei livsfarleg øving. Sjølv med handsprit, munnbind og éin meter avstand kan det vera skummelt og endatil ulovleg å samlast for å synga Deilig er jorden. Jorden har ikkje vore særleg deilig det siste året. For mange av oss er det mest nærliggande å bruke det latinske uttrykket, «annus horribilis», eit frykteleg år, om 2020. Samstundes kan det vera greitt å ha i mente når jula ringast inn til pinnekjøt og moltekrem, med maks ti gjester til stades, pluss nissen, at det er mange som har det mykje verre enn oss.

Tidlegare har det vore før og etter Kristus. For dei som av ein eller annan grunn ikkje vil rekna Kristi fødsel som år null, har det vore Før eller etter vår tidsrekning. For foreldra mine var det før, under og etter krigen, i tillegg til Kristus. Verda har nå fått eit nytt referansepunkt; Koronaåret.

Me som likar å henga med geipen, har fått påfyll dei siste ni månadane så det rekk ei stund. For i tillegg til Korona, og nå sist, fugleinfluensaviruset og ringormen, spøkjer all verdas deprimerande teikn fram mot jorda sin snarlege og smertelege undergang. Klimaendringane fører til at 2020 blir eitt av dei varmaste åra på jorda nokosinne. Det er Museår, Skogbrannår, Hamstre dorull-år og alle moglege slags år med negativt forteikn.

Eg har teke i bruk hard lærdom frå barneåra, og har, bank i bordet, kome ganske godt gjennom annus horribilis og alle dommedagsteikna til pessimistane. Trikset skriv seg frå då eg var ein sur mammadalt som tusla rundt i hælane etter mor med haka fastlimt til fuglebrystkassen. Mine to eldre systrer nekta å passa meg dersom eg ikkje løfta hovudet på plass og «heiste opp den sura lippå».

Hovudet er på plass, og eg treng ikkje arbeida så mykje med å heisa opp lippå. Som medlem i den store landbruksfamilien, har eg stort sett gjennom heile året hatt privilegiet i å møta blide og positive bønder og deira nettverk. Slikt smittar mykje raskare enn virus. Einaste skilnaden frå andre år er at dei store landbruksmøta har blitt avlyst eller digitalisert. Nytt av året er også at det er sett ein førebels stopp for handhelsinga og at eg har ei spritflaske i bilen som eg tyr til før og etter besøk.

Bøndene har, i det minste i vårt distrikt, hatt eit godt år. Det kan sjå ut til at norske konsumentar har valt å erstatta den obligatoriske Syden-kvoten og svenskeølet med mjølk. Også pilene for kjøtforbruket peikar i rett leid. Det er helse i slikt. På fleire måtar.

Eg skal vera varsam med å kjemma alle sveisane under den same kammen. Sjølvsagt er det folk som strir ein tung strid. Nokre har mista arbeidet sitt. Pelsdyrbøndene sine årelange møte med brottsjø og bratte bakkar er ikkje til å spøkja med. Nå stenger dei ned og sløkkjer lysa i farmane sine for godt, medan andre tenner sine tusen julelys og pyntar julebordet med ein stall utan smittesluse og godkjent brannvarslingsanlegg. Paradoks, kallast slikt.

Det meste tydar på at Trumpen må takka for seg når me har kome snautt tre veker inn i det nye året. Ikkje alle er leie seg for at punktum blir sett, i det minste for fire år, for dette mildt sagt forskrekkelege kapitlet i supermakta USA si historie. Aldri før har vel Ville Vesten vore så villfaren. For meg er Trump sin retrett frå posisjonen som verdas mektigaste den største julegleda i år.

Julegledene er fleire. Det heile kjem til å kulminere om ikkje så alt for lenge når helsesyster knipsar friskt med fingrane mot sprøyta og gir beskjed om å brette opp ermet.

Det blir magiske nålestikk som vil timast alt folket. Frå krybba til slottet. Frå Betlehem til Berlevåg.

God jul!

Sjur