HØYR!

Meiner Tine er på ballen

6. oktober 2023

Me må bli betre på å utnytte råvara.

Er Tine på defensiven? – Nei, men situasjonen peikar klart på den verkelegheita Tine nå står i og kva me må arbeida med framover, seier Asgeir Pollestad.

Sjur Håland

Tine-tala for andre tertial 2023 syner eit driftsresultat som enda på 868 millionar kroner. Det er opp 268 millionar frå eit svakt andre tertial i fjor. Men bak tala rapporterer den norske meierigiganten om aukande konkurranse, lågare mjølkeforbruk og betydeleg konkurranse frå importerte meieriprodukt. Fjordland peikar ned. Det same gjer Tine sine andelar i marknaden for vanleg mjølk og ost.

– Tine skapar resultat og er på ballen. Sjølv i ei tid med sterk kostnadsvekst for Tine og svekka kjøpekraft hjå forbrukarane, summerer Hå-bonden, som er styremedlem i det bondeeigde selskapet.

– De likar å halda fram at de har verdas beste mjølk. Utnyttar de råvara godt nok?

– Tine kan gjerne bruka dette argumentet meir framover, men me må samstundes dokumentera at så er tilfelle. Flosklar held ikkje. Me må bli betre på å utnytte råvara. Strategien er å kontinuerleg arbeida mot mål som er sette. Når måla er nådde blir det sett nye mål. Slik blir konkurransekrafta styrka.

– Kan Tine greia å snu trenden og auka marknadsdelane for salet av vanleg mjølk og ost?

– Ja, det må me ha tru på. Dette går rett inn i vårt arbeid med berekraft. Tine må lukkast med innovasjonar og vinna fram med dei gode argumenta om ernæringspotensialet som mjølk har. Me skal ha dei smarte, berekraftige løysingane som til ei kvar tid treff forbrukaren.

– Berekraft og innovasjon er kanskje typiske kommunikasjonsstrategiord. Er Tine i ferd med å fjerna seg frå grasrota?

– Det håpar eg verkeleg ikkje. Arbeidet med berekraft føregår jo også ute hjå oss produsentane. Eit døme er dyrevelferdsindikatoren til Tine. Den har bidrege til at bøndene har sett seg mål som har gitt forbetring i drifta og auka lønsemda på bruka våre.

– Er importtrugselen ei tapt sak for norske mjølkeprodusentar?

– På ingen måte. Tollvernet i botnen er viktig. Men Tine må heile tida også gjera dei rette grepa slik at våre produkt er førstevalet i butikken. Det handlar mellom anna om pris og om å vera tidleg ute med nye smakar og produkt tilpassa nye trendar.

– Det er konkurranse om mjølka i ditt område. Kva seier du til dine kollegaer. Kvifor velja Tine?

– Det korte svaret er eit spørsmål: Trur me at me står betre rusta samla som bønder for å setja ein rett pris, eller tenkjer me det er betre at andre, som også skal ha ei avkastning for sin kapital, set prisen?