HØYR!

Meiner Tine må bli meir politisk

26. januar 2024

Foto: Stortinget
Tine er eigd av bøndene av ein grunn.

Mjølkebonde og Sp-politikar Tor Inge Eidesen meiner Tine har eit større politisk handlingsrom enn det dei påstår.​

Bothild Å. Nordsletten

– Tine er redde for å vera politiske. Dei er lojale til rammeverket. Det er Tine som oftast viser til kor avgrensa handlingsrom det er for å auke pris eller volum. Det er eit tankekors at konkurrentane deira samstundes har klart å etablera seg nettopp ved å prøva å sprenga desse reglane, seier Tor Inge Eidesen.

I rolla som fast møtande på Stortinget for landbruks- og matminister Geir Pollestad, treff mjølkebonden frå Haugesund mange næringslivsfolk med mykje på hjarta.

– Alle vil ha meir subsidiar og betra rammevilkår. Sjå berre korleis laksenæringa møtte opp då det var snakk om grunnrente på havbruk.

Ei gruppe næringsdrivande, skil seg likevel ut.

– Dei minst politiske talsmennene, dei kjem frå landbruket, seier Eidesen.

Det skulle han gjerne sett endra seg, ikkje minst for Tine sin del.

– Kvifor er det slik, trur du?

– Med etableringa av Tine Råvare som eiga avdeling skulle mjølkeprisen settast på eit nivå som gav rom for profitt hjå dei industriaktørane som kjøper mjølk, Tine industri inkludert. Denne aksjeselskapslogikken blei innført for å legge til rette for konkurranse, men flytta samstundes fokuset til lågast mogleg råvarepris – til ulempe for eigarane. Tine skal driva forretning, men eit samvirkeforetak må òg sjå heilskapen – dette gjeld ikkje minst den valde leiinga.

– Ser du konkrete konsekvensar av det du hevdar er eit for lite politisk meierisamvirke?

– Sjå på debatten om målprisen på mjølk. Nå seier bøndene at det ikkje løner seg å produsera mjølk. Kvifor? Jau, fordi Tine, med sin aksjeselskapslogikk, har hatt vetorett på kor høg målprisen skal vera.

– Løysninga på dette er politisk. Og handlingsrommet, det ligg i importvernet, hjå daglegvarekjedane, og på regjeringa sitt bord. Men både regjering og opposisjon brukar Tine som alibi for at mjølkeprisen er der den er. Samstundes er handlingsrommet til Tine faktisk større, enn det dei sjølv hevdar. Til dømes ligg det masse politikk i prisutjamningsordninga. Skal me verkeleg halda fram med å finansiera til dømes konkurransepolitiske verkemiddel med mjølkeprisen?

Eidesen meiner det ikkje er noka motsetting mellom forretningstenking og samvirkepraksis, men stiller spørsmål ved Tine-leiinga sine prioriteringar.

– Kanskje er me der at den valde leiinga i Tine ikkje tenker nok samvirke, på bøndene sine vegne.

Problemanalysen til tross – Eidesen vil Tine alt vel, og åtvarar mot forslag om å ta frå Tine oppgåver, som han meiner vil ytterlegare svekka samvirket.

– Tine er eigd av bøndene av ein grunn. Ein skal ha fokus på heile verdikjeda, frå jord til bord. Målpris, marknadsregulering og forretningsdrift heng saman. Det er eit trugsmål mot mjølkenæringa. Tine utan norsk mjølk er ferdig.