HØYR!

Meir slagkraftig jordvern

Me skal bli meir direkte, både i språk og initiativ

Med ein ny, nasjonal jordvernorganisasjon skal jordvern bli meir synleg i samfunnsdebatten. Nullvisjon skal hamrast inn – og landbruket sjølv slepp ikkje unna.

Liv Kristin Sola

Jordvern Norge er stifta. Målet er å samle dei lokale jordvernkreftene og løfte jordvern høgare på dagsorden.

– Me treng ei oppgradering av jordvernarbeidet. Bondelaget har vore og vil fortsatt vere ein viktig støttespelar, men tida var moden for å lage ei nasjonal overbygning og leve eit sjølvstendig liv. Det gir auka truverd og tyngde i eit breiare miljø, seier Olaf Gjedrem, leiar av interimstyret.

Jordvern Norge skal knyte tettare band og jobbe meir direkte mot styresmaktene. Samstundes håper Gjedrem å styrke samarbeide med andre organisasjonar med felles interesse om å verne dyrka og dyrkbar jord og styrke grunnlaget for matproduksjon.

– Skal jordvernarar vere pragmatiske, eller opprørske?

– Me må bygge på uproduktiv jord. Då kan ikkje ein kommune planlegge nedbygging av fleire tusen dekar jordbruksjord og rekne med at det er problemfritt. Det går ikkje an i 2020, seier Gjedrem.

Han var på Stortinget då det første jordvernmålet vart sett til 12000 dekar. I 2012 vart det halvert til 6000, og vidare til 4000 i 2014.

– Det talet vil me halvere til 2000 dekar innan 2024. Det er ikkje naturleg å bruke matjord til noko anna enn å dyrke mat, seier Gjedrem.

Han er uroa over at nedbygging av dyrkbar jord har auka i takt med at dyrka jord i større grad blir verna. Samstundes opplever han at det er enkelt å få nye medlemmar. Mykje tyder på at mange støtter saka, men er ukjent med jordvernorganisasjonen.

– Under skipingsmøtet vart de oppmoda av Natur og ungdom til å bli meir «thunbergske» i oppførsel, og engasjere ungdom. Skal jordvernarane bli meir høglydte, aksjonere framfor Stortinget og skrive krasse innlegg i avisene?

– Det håper eg, og det trur eg. Me skal bli meir direkte, både i språk og initiativ. Me må få store grupper som Natur og Ungdom og andre ideelle organisasjonar med oss for å få gjennomslag. Me har mykje felles, seie Gjedrem

– Kva med landbruket sjølv?

– Landbruket er ansvarlege for 20 prosent av tapt matjord. Det er ikkje akseptabelt. Bøndene har til ein viss grad misbrukt den tilliten dei har fått til sjølve å vurdere plassering av landbruksbygg. No møter dei seg sjølve i døra. Bøndene må ta på alvor at dei er ei viktig del av nedbygginga og tenke jordvern i alt dei gjer. Eg trur dessverre bøndene må gjennom same kommunale handsaming for å sikre jordvern på kvart enkelt bruk.

Share This