Ingen quick fix: Når krybba er tom, så bit hestane, heiter det. Men det er ikkje usannsynleg at det òg kan bli ein del biting når bondeinntekta skal opp, skriv forfattaren. Foto: Istock
KRONIKK

…men vil me ofra fridomen?

25. juni 2021

Det er umogeleg å auka inntektene i landbruket til det nivået Bondeopprøret snakkar om, utan å innføra produksjonskontroll.

Bjørn Lende,
bonde og lærar, Jæren.

Med emneknaggen #bondeopprør21 har fem aktive bønder frå ulike stader i landet starta eit grasrotopprør som har hatt stor innverknad på den landbrukspolitiske debatten denne våren.
Oppropet deira er signert av over seksti tusen, og det er grunn til å tru at den massive støtta var avgjerande for at det vart brot i årets jordbruksforhandlingar nesten før dei hadde starta.
Opprørarane fekk også fullt gjennomslag for sine synspunkt på årets bondeting. Under næringskomiteen si behandling av jordbruksoppgjeret har deira synspunkt vore eit viktig grunnlag for fleire av partia sine merknader.
Sjølv om opprøret endå ikkje har gitt seg utslag i konkrete endringar i bonden sin kvardag, er det imponerande at eit slikt engasjement har fått så stort gjennomslag på berre nokre få månader.

Rett grunnlag

Kva er det så konkret dei arbeidar for? Utan tvil at bonden skal sikrast høgare inntekt. Dei vil ha eit meir realistisk talgrunnlag som grunnlag for jordbruksforhandlingane. Og dei vil ha ei forpliktande tidfesting av når inntekta skal vera like høg i landbruket som den er for andre grupper.
Det er den såkalla totalkalkylen som blir brukt til å anslå bonden si inntektsutvikling. Denne er enkelt forklart, summen av alle inntekter i landbruket inkludert tilskot, minus alle kostnadar i næringa delt på berekna tal årsverk som vert utført.
Dette vert uttrykt som: vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, medrekna effekten av jordbruksfrådraget.
Eit sentralt krav er at vederlag til eigenkapital vert skilt frå arbeidsvederlaget. Det er ikkje vanskeleg å stilla seg bak.

Det er liten vilje i landbruket til å ofre fridomen. For bondeopprøret er det ikkje eit tema.

Bjørn Lende

Bonde og lærar, Jæren

Meir inntekt – høgare kostnadar

Dersom me først skal samanlikne, må det vera same utgangspunkt. Det ville samstundes hatt ein stor pedagogisk verdi om me gjekk over til å angi bonden si inntekt som berekna vederlag per arbeidstime. Det er eit uttrykk alle forstår, i motsetnad til når det blir omtala at bøndene har kome med eit krav på 1920 millionar.
Eit anna krav er at utgifter til jord og kvoteleige skal reknast som utgift i totalkalkylen. I dag vert dette sett som ein nullsum fordi utgifter for ein bonde er inntekter for ein annan bonde.
Det er ikkje til å undra seg over at me har fokus på desse kostnadane. Utviklinga dei siste åra har ført til at dette utgjer store beløp for mange aktive gardbrukarar.
Problemet er berre at med betre økonomi, vil desse kostnadane bli endå høgare. Og her er me ved kjernen av utfordringa. Opprøret krev at bøndene skal ha avkastning for innsett eigenkapital og eit arbeidsvederlag på nivå med det andre har, men den einskilde bonden innrettar seg ikkje etter vanlege økonomiske lover i sine eigne disposisjonar.
Bønder klagar på økonomien i mjølkeproduksjonen, men er samstundes villige til å betale store summar for produksjonsretten.
Når det er overproduksjon av lammekjøt med eit arbeidsvederlag på under kr 200.000,- per årsverk, kva vert resultatet dersom inntekta skal meir enn doblast?

Ofrar ikkje fridomen

Det er kort og godt umogeleg å auka inntektene i landbruket til det nivået me her snakkar om, utan me innfører produksjonskontroll.
Anders Felde i Vestland Bondelag reiste den problemstillinga på bondetinget, men vart ganske snart avvist. Det er liten vilje i landbruket til å ofre fridomen. For bondeopprøret er det ikkje eit tema.
Det er heller ikkje automatikk i at betre inntekt fører til mindre bruksnedlegging og auka sjølvforsyning. Auka inntekt må til ein viss grad takast ut i marknaden i form av høgare prisar. Det kan lett føre til endå meir skjerpa konkurranse frå import og lågare volum på eigen produksjon.
Det viktigaste målet for landbruket må vera å sikre bruk av arealressursane i heile landet. Når inntektene skal aukast og verkemiddelbruken endrast, er det avgjerande at me har fokus på dette målet.
Eit gammalt utrykk seier at når krybba er tom så bit hestane. Det er ikkje usannsynleg at det blir ein del biting også når krybba skal fyllast att.

Utolmodige blir skuffa

Bondeopprøret har gjort ein fantastisk jobb med å få landbruket på dagsorden både i politikken og i samfunnet elles. Det vil heilt sikkert også føre til ei retningsendring i landbrukspolitikken og ei betring av økonomien. Det er likevel slik at dei som trur at krava deira vert innfridde i løpet av neste stortingsperiode, vil bli skuffa. Det kjem ikkje til å skje.