HØYR!

Mjølka må ikkje flyte ut or PU-ordninga

8. januar 2021 | Dessutan

Å kome med regelverk i ettertid har vist seg krevjande

– Direktesal av konsummjølk må inn i kvotesystemet og bli ein del av PU-ordninga, seier mjølkebonde Trond Hennestad.

Liv Kristin Sola

 Trond Hennestad frå Lølandsmo i Lindesnes har merka seg at etterspurnaden etter norsk mat, og spesielt lokalprodusert mat, er aukande. No kjem også konsummjølka etter. Forbrukaren vil kjøpe mjølk, pasteurisert vel å merke, direkte frå garden.

– Det er bra at folk vel norsk og lokalt, men om sal av konsummjølk direkte frå garden får breie om seg, då står saka noko annleis, seier Hennestad.

Bonden har merka seg at enkelte mjølkeprodusentar får avtale om å levere mjølk til bedrifter, bakeri og liknande, som kan ta unna større volum. Også bønder utan kvote kan kaste seg på bølgja og tilby mjølk og meieriprodukt direkte til marknaden.

– Det er heilt avgjerande for oss bønder at me klarer å bevare – og helst styrke, samvirka og marknadsordningane, seier Hennestad.

Han viser til PU-ordninga som skal syte for at alle mjølkebønder får lik pris uavhengig av kor i landet dei produserer og kva mjølka vert nytta til. Mjølk til konsum gir høgast verdi attende på rå mjølk. I industrien har difor all mjølk som går til konsum ei avgift på kring to kroner per liter. Avgifta skal subsidiere blant anna produksjon av ost og smør som har ein høgare produksjonskostnad.

– Direktesalet går utanom kvoteordninga, og dermed også utanom PU-ordninga. Direkte sal av mjølk vert dermed unndrege den prisutjamningsordninga som all mjølk omsett av meieriindustrien er ein del av, seier Hennestad.

Han minner om at mjølk er lite ressurskrevjande å foredle, ikkje minst samanlikna med ost, som lenge har vore produsert på lokale gardsysteri.

– Nettopp difor har industrien ei prisutjamning. For dei som sel mjølka direkte vil kronene dei sparer ved ikkje å vere ein del av PU-ordninga, kome som rein netto. I tillegg kan dei legge seg rett rundt butikkpris og oppnå eit påslag som kan freiste mange til å kaste seg på denne bølgja. Særleg i tettfolka område og rundt byane våre, seier Hennestad.

Han fryktar at volumet kan bli så omfattande at det på sikt kan svekke meierisamvirket. Aller helst såg han at all foredling og sal gjekk gjennom samvirke, i alle fall gjennom marknadsordninga. Men som eit minstekrav meiner han at alt direktesal av mjølk bør inngå som ein del av den disponible kvoten – og dermed vere ein del av PU-ordninga.

– Me må få på plass ei ordning før dette breier om seg. Å kome med regelverk i ettertid har vist seg krevjande, seier Hennestad.