HØYR!

– Mjølkebonden tar støyten

21. april 2023

Foto: Nora May Engeseth

Mange kjem til å bli provosert.

Tala frå Budsjettnemnda for jordbruket kom ikkje overraskande på Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde– og Småbrukarlag. – Men me vart litt overraska over kor dårleg mjølkeproduksjonen kom ut, seier han.

Jane Brit Sande

Tala frå Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) syner at bondens inntekt har aukt med 12 700 kr. Det er 15 000 kr mindre enn framforhandla avtale for 2022. Dette er eit snitt-tal for alle. Desse pengane stammer i hovudsak frå ein kraftig nedgang hjå mjølkeprodusentane.

– Mjølkebonden tar støyten, seier Solberg.

For inntekta i mjølkeproduksjonen nærmar seg 2015-nivå, viser tala.

– Me ville ha tilleggsforhandlingar i fjor, fordi me var uroa for mjølkeprodusentane. Tala syner at frykta var rettkomen. At motoren i matproduksjonen har så dårlege tal, syner at politikarane ikkje har gjort jobben sin over lang tid, seier bondeleiaren.

Han vart ikkje overraska då tala frå Budsjettnemnda vart lagt fram.

– Me jobbar med dette heile året, så me visste kva retning det bar. Men me vart litt overraska av storleiken på det eg kallar luftpengar, altså på effekten av realrenta, og kor dårleg mjølkeproduksjonen kom ut.

Mange bønder kjenner seg ikkje att i tala, seier Solberg.

– Budsjettnemnda legger fram eit snitt. For dei som kjem dårlegare ut, er dette alarmerande.

Og det er ikkje berre mjølkeproduksjonen som kjem dårleg ut i framlegginga av tala.

– Det er dårleg økonomi i å produsera mat – over heile linja, seier Solberg.

Onsdag 26. april skal landbruket legge fram sitt krav til Landbruks– og matdepartementet. Her er Solberg klar.

– Me vil krevje etter behov.

Tala frå BFJ syner at neste års avtale ligg an til minus på startstreken, seier han.

– Bønder er bedriftseigarar med stort ansvar, risiko og investering. Det er heilt uhøyrt at me skal ha så dårleg inntekt. Matproduksjon krev innsats og kapital. Løna må samsvare, seier han.

Solberg varslar at Norsk Bonde– og Småbrukarlag vil jobbe for ei systemendring for å sikra ny retning for norsk jordbruk.

– Mange kjem til å bli provosert. Produksjonsregulering er eit verktøy me kjem til å presse på for å bruka for å hindra overproduksjon. Dette grepet er for å sikra kva ein sit att med økonomisk, seier han.

Solberg seier at landbruket treng ei utvikling der det blir lys i fjøsa. Då må det vere økonomi til fornying.

– No er investeringstilskotet basisen i investeringane. Det er prinsipielt feil, seier han.