HØYR!

– Moglegheiter for alle

26. mai 2023 | Dessutan

Det er mange måtar å driva ein gard, og kvar enkelt må finna sin måte.

Jærbonde Åsbjørn Høyland er nøgd med årets jordbruksavtale. – Svartmalinga i sosiale media er ikkje verkelegheita for alle, seier han.

Jane Brit Sande

– Eg har hatt ein oppsving i rekneskapen, og høyrer mykje godlydar frå bøndene i min omgangskrins som har gjort store investeringar på gardane dei siste åra, seier Åsbjørn Høyland frå Nærbø.

Bonden er nøgd med årets jordbruksavtale.

– Den svartmalinga me kan sjå i sosiale media er ikkje verkelegheita for alle, seier han.

– Bondelaget og Regjeringa fortener ros for å ha inngått avtalar. Regjeringa viser trass alt vilje til å styrka landbruket, seier Høyland.

Han har mjølkeproduksjon, gris, storfekjøt og korn på garden.

– Dei siste åra har det gått godt økonomisk hjå oss. Det er summen av mange ting, sjølvsagt, men dei to siste avtalane har vore gode, med rammer for betre inntekt, seier han.

Kritikken mot jordbruksavtala peiker på at den ikkje sikrar ei opptrapping av inntekta, slik det står i Hurdalsplattforma. Opptrappinga skal skje basert på nytt talgrunnlag, som framleis ikkje er kome.

– Men i forhold til det talgrunnlaget me har, så hentar me oss inn på inntekt, seier Høyland.

– Eit nytt talgrunnlag er ein lang og kompleks prosess, og involverer så mange delar av jordbrukspolitikken. Eg er ikkje sikker på at dei har det på plass neste år, heller.

Høyland seier at årets og fjorårets jordbruksavtale er med på å halde oppe trua til mange bønder.

– Her er moglegheiter for alle, absolutt. Det er mange måtar å driva ein gard, og kvar enkelt må finna sin måte. Me er sjølvstendig næringsdrivande, seier han.

– Ein fordel som bonde, som ikkje andre sjølvstendig næringsdrivande har, er at eg veit omtrent kva pris eg får for produkta, og veit at eg får selt dei. Det blir færre bønder, men mange held fram og gjer det godt, seier Høyland.

– Nedgangen på bønder betyr eit mindre miljø. Det er ringt. Det er ikkje tvil om at eit miljø er viktig for drivkrafta.

Høyland trekker fram tilskotsauken som positivt i avtala.

– Det er eit flatt løft i alle tilskot, og enda eit år utan tak. Løftet på mjølk er viktig, særleg for dei med stor produksjon.

– Men eg er usikker på om løftet er nok for oss i null-sona, seier han.

Høyland sin gard ligger i denne sona, der bøndene blant anna ikkje får distriktstilskot.

– Eg sit att og lurer på om det er så mykje ringare i andre gode jordbruksområde i landet, sidan dei må få så mykje meir i tilskot. Det blir noko feil, seier Høyland.