HØYR!

– Myndigheitene har feila

Foto: Privat

Pandemien er ikkje over i september, og det er heller ikkje sesongen

Landbruket manglar arbeidskraft. Men med stengde grenser blir tusenvis av kompetente og effektive arbeidarar sitjande på vent, spreidd over heile verda.

Jane Brit Sande

– Det er ein betent situasjon, seier Håvard Skavland om den manglande arbeidskrafta i landbruket.

Nyleg vart det kjent at EØS-tilsynet ESA opna ein formell sak mot Noreg, og krev at dei norske innreiseavgrensingane blir tilpassa EØS-reglane.

– Eg stiller meg bak ESA i dette. Myndigheitene har feila næringa. Det er svært skuffande, seier Skavland.

Saman med kona Edle driv han Skavland gartneri på Talgje i Ryfylke. Dei har ti faste tilsette, og normalt 50 sesongarbeidarar frå tre ulike land.

– Me er samde i tiltak for smittevern og strenge reglar på grensa. Men det er eit byråkrati utan like for å få arbeidarane inn i landet. Eg forstår ikkje at grensene kan vere stengt, når reglane blir følgt, seier Skavland.

På Skavland gartneri kom det nye puljar med arbeidarar frå såkalla tredjeland i vinter, før dei strenge grensereglane vart innført. Dei kan no søke om løyve til å forlenga opphaldet ut september.

– Det hjelper, så me skal klare oss i år også. Men for andre er situasjonen langt verre, seier Skavland.

Han siktar til salatbonde John Gunnar Swang, omtalt på E24.no, som må kasta tusenvis av salathovud.

– I fjor fekk arbeidarane forlenga opphaldet ut året. Eg skjønar ikkje kvifor me ikkje får denne ordninga også i år. Pandemien er ikkje over i september, og det er heller ikkje sesongen, seier Skavland.

I fjor vart gartneriet berga av at alt anna var stengt ned.

– Men fjoråret var prega av mykje logistikk, opplæring og oppfølging. Det går for ein kort periode, men det får ikkje systemet til å rulla på sikt. Me greier ikkje ha kontroll, seier Skavland.

Tomatprodusenten vil invitere politikarane til dialog.

– Dei ser ikkje det heile biletet. Eg vil at dei skal forstå korleis ting heng saman. Situasjonen vår har ikkje blitt tatt alvorleg, seier Skavland.

Han viser til at landbruksføretaka er bygd opp over generasjonar, og at dei samstundes har bygd opp ein sjølvgåande arbeidsstokk.

– Me kan ikkje berre byta dei ut, seier Skavland.

– Dei er mykje meir enn sesongarbeidarar. Dei er våre arbeidsfolk, vår motor og våre tilsette, og me vil ta vare på dei.

Arbeidsmoralen er høg på gartneriet. Det må den også vere. Varene må pakkast og leverast til grossist, og det er ikkje rom for å la arbeidet ligge og halde fram neste dag.

– Me er heilt avhengige av effektivitet. Ein nybegynnar klarer å hausta kring 200 kilo tomatar på ein åtte timars-dag. I starten må dei erfarne også sjå over, og sikre at arbeidet er gjort skikkeleg. Våre erfarne arbeidarar klarer å hausta eitt tonn. Arbeidsdagen er ikkje over før leveransen er klar, seier Skavland.