HØYR!

Nå skal kvigene i hus

1. oktober 2021

Velferda og hjarta for dyra kjem i første rekkje

Beitesleppet i mai er blant høgdepunkta i bondelivet til Silje Hadland Haarr. – Men å få ungdyra i hus på hausten kjennest mest like godt som når dei blir løyste, seier ho.

Sjur Håland

Haust med vind og regn fører til uro i dyreflokkane. Også bonden blir uroleg og går og speidar etter dyra som går ute under mørk og regntung himmel. Silje er ikkje med på at bøndene lar beitedyra gå for lut og kaldt vatn utover hausten.

– Det er kjenslene for dyra meir enn dei praktiske omsyna som avgjer kva tid det er på tide å henta dyra heim og ta dei inn. Dei eg kjenner tenkjer likt som oss. Velferda og hjarta for dyra kjem i første rekkje.

Silje driv med mjølkeproduksjon i havgapet på Stavnheim i Hå, saman med mannen, Alf Magne Harr, og barna deira. Dei har fleire beiteområde for ungdyra. Nokre av områda ligg ein biltur unna garden.

– Kvigene får jamt tilsyn gjennom sesongen. Me har alltid med oss kraftfôrbøtta. Det får me att for nå. Dei blir lette å ha med å gjera når dei skal transporterast heim. Anten med vogn eller til fots. Sesongen har vore god, seier bonden.

Førre helg kom vêrskiftet og med det kom dei første kvigene i hus. Resten blir tekne inn med det første. Silje seier at både vêret og beitekvaliteten tel med når dei vurderer å avslutte beitesesongen.

– I tillegg er me nøye med å vurdera haldet på kvigene. Me er snare med å supplera med silofôr i tillegg. Kvaliteten på graset blir dårlegare utover hausten, og me er merksame på at ikkje kvigene skal tapa hald på tampen av sesongen, seier ho.

Utover hausten får kvigene kraftigare hårvekst. Det kan vera vanskeleg for eit utrent auga å sjå om dei går opp eller ned i vekt. Silje har trening.

– Me har jo drive med dette nokre år. Du ser fort om dyra har det optimalt eller om trivselen på haustbeitet ikkje er på topp.

Kvigene som nærmar seg kalving blir plasserte i lag med kyrne. Dei andre får nyta innelivet i dei ulike ungdyrbingane. Ein bøyg for mange mjølkeprodusentar kan vera å få kvigene i brunst etter innsett utover hausten og vinteren. Silje fortel at dei ønskjer å inseminera dei fleste kvigene deira frå 14-15 månadars alder.

– Hjå oss går dette jamt over bra. Kvigene synar oftast tydeleg brunst. Fjøset vårt er av nyare dato med rikeleg med lys. Det hjelper på. Så er beitedyra godt i trimmen når dei kjem inn. Ikkje for feite, men heller ikkje for tynne. Me ser også at dyra som har gått i lag er ganske så synkroniserte. Når ei kvige kjem i brunst i bingen, følgjer dei andre på.