HØYR!

Naturomsyn blir prioritert

12. juni 2020

Eg meiner ikkje me er for strenge

Det lenge varsla myrdyrkingsforbodet er vedteke. Naturomsyn vil få prioritet hjå Fylkesmannen når søknadar om dispensasjon skal vurderast.

Sjur Håland

 Frå 1. juni er det ikkje lenger lov å nydyrka myr.

–  Eg kan skjøna at dei bøndene som sit på større myrareal kjenner seg litt ille til mote i dag, seier landbruksdirektør Geir Skadberg hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland støtta framlegget til forbod i deira høyringssvar til Landbruks- og matdepartementet i 2017. Rogaland har kring éin million dekar landbruksareal. Halvparten av dette er beite. Kring 30.000 dekar er myr som teoretisk har potensial til å dyrkast. Ein liten del av totalarealet, understrekar Skadberg.

–  Fylkesmannen i Rogaland har gjennom lang tid vore opne på at ein del av myrarealet, særleg på Jæren, bør få ligga urørt uansett. Det handlar om å ta ansvar for mangfaldet og dei ulike funksjonane kulturlandskapet har. Dei argumenta trur eg bøndene ser, seier han.

–  Kva når forbod og restriksjonar rammar den enkelte bonden?

–  For henne eller han betyr det at det no har kome ei føreskrift som seier at ein i utgangspunktet ikkje skal dyrka myr med eit torvlag på minst 30 centimeter.

Det ligg likevel dispensasjonsmoglegheiter i føreskrifta. Kommunane kan mellom anna gjera vurderingar om dyrking av myr kan koma på tale som kompensasjon dersom bonden mister produksjonsareal grunna tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi.

Skadberg held fram at Naturmangfaldlova har lege til grunn for vurdering av løyve til nydyrking i mange år. Lova seier at kommunen skal senda søknadar som omhandlar vesentlege miljøverdiar til Fylkesmannen for uttale.

–  Då er det snakk om individuelle vurderingar, men det ligg i sakens natur at det ikkje følgjer med ein automatisk rett til å dyrka myr, sjølv om ein ikkje har andre alternativ.

–  Er de ikkje for strenge? Ser ikkje fylkesmannen bøndene sine behov?

–  Eg meiner ikkje me er for strenge. Det kan ha vore litt ulik praksis rundt om i kommunane, men fylkesmannen si plikt til å sjå at omsynet til natur- og kulturlandskapsverdiane, saman med klimaomsynet, blir ivareteke.

–  Kva med dispensasjon til å dyrka myra for å oppretthalda landbruksproduksjonen, slik føreskriftsendringa opnar for, ved ei eventuelt endring av gjødselvareføreskrifta?

–  Inngangen er at Landbruks- og matdepartementet opnar for moglegheiter for å søkja dispensasjonar utan at det ligg ein rett til å få dispensasjon. Skadberg er oppteken av å få til så lik praksis som råd når søknadane om dispensasjon kjem til kommunane.

–  No skal me setja oss grundig inn i dei nye endringane og samla folk frå landbrukskontora rundt om i fylket og diskutera praksisen grundig.