MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Ode til hønsehjernen

4. mai 2018 | Dessutan

Åsmund Bjørnstad
er professor i genetikk og planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

Klukk, klukk, klukk, sa høna på haugen, den veg høna sparkar, hønsegard, hønsetrapp, kvelde med hønsa, vagle for natta, få seg ein høneblund, oppe før hanegal, lær høna å verpe, legge eit gullegg, noko å ruge på, plomma i egget, sitje på, klekke ut, hønemor, ta under vengene, fyke på, nebbast, med nebb og klør, høne å plukke med, ribbe av fjørene, hanekam, kamphane, hanemarsj, brushane, høgaste hanen, hanebein, knehøne, hønsehauk, hønsetjuv, kakle som hønsehus, hønsenetting, hønsegras, hønsehirse, jungelfuglen komen frå Asia, der hanar blir stappa i bur utan skam, og til sals på torg i Hongkong og Hanoi som flaksande kjøkkenslakt, hønseinfluensa? Nei, heller ein høghygienisk opplyst stålhall der nyklekte dunnøste morlause vimlar til fôrbordets mat og vatn, den naturlege tvangens sinnrike jamvekter – i hypothalamus’ regulerande krinsar styrte av nevropeptid Y’s ymse reseptorar, mat/mett, lyst/ulyst, oreksi/anoreksi – frikopla, tippa, dei et utan måte og mette og nok, og når lyset kjem på etter ti timars søvn eit innholt sug i titusentals jamgamle kyllingar Bli mett! aldri, fell over ende, ikkje kan ho krype ikkje kan ho gå, teken hand om

og fjerna,

frå tjue dagars barndom til tungbrysta ungdom og ved tjueåtte å vakle beinskøyr til slaktedagens eutanasi: ei svint halal-signings siste respekt eit fåtal forunnt, før avliving, avfjøring, skjering av lubne filetar og lår, to ubrukte venger.
Reven er ute. Pål sine høner ut.

Fram for den nye kyllinghumanismen! Here comes the sun inn i hallen der fjørfe i tusenvis vaglar på husker, eit stadion fullt som til tonar av Mozart gomlar og veks og veks, med DNA-ID, aldri meir medisin, et dei med glede. Nam! 

Frå boka Åkeren på Manhattan, som kjem ut til våren på Det norske Samlaget, www.samlaget.no