HØYR!

Ønsker endring i debatten

Foto: Privat

Ein bonde som kjenner seg mistenkt av alle rundt seg gjer ein dårlegare jobb enn bønder som opplever tillit.

Torben Gilje vil ha time-out i debatten om dyrevelferd. – Meir kontroll og mindre rådgiving gir ikkje betre dyrevelferd, seier Gilje.

Liv Kristin Sola

Gilje er skeptisk til at dårleg dyrevelferd hjå enkelte bønder blir møtt med stadig nye kontrollordningar og tilsyn.

– Det gir berre dårlegare bondevelferd, meiner mjølkeprodusenten frå Gjesdal i Rogaland.

– Me bønder er pressa på alle frontar. Stiller me spørsmål, er me bakstreverske og uvillige. Eg vil gjerne vite om dagens regelverk gir dårleg velferd og stress for dyra, eller om det eigentleg er ganske bra, seier Gilje.

– Er bonden sine eigne organisasjonar flinke nok til å sette dagsorden og diskutere desse spørsmåla?

– Nei, det har me sett fleire gonger at våre eigne organisasjonar ikkje er tydelege nok i dei vanskelege debattane.

Gilje understrekar at det er heilt avgjerande med eit Mattilsyn som har full tillit både hjå bønder og forbrukarar.

– Kontrollørane må ha kompetanse på det dei skal kontrollere og klageinstansen kan ikkje vere Mattilsynet sjølv. Dyrevelferd må kunne dokumenterast gjennom eit differensiert avvikssystem som seier noko om kva avviket faktisk handlar om.

Bøndene har blitt ei mjølkeku

Gilje trur det kjem enda sterkare krav til dyrevelferd, ikkje minst til ku og kalv i lag.

– Kven skal definere kva som er den beste løysinga? Er det tre dagar, ei veke, tre veker eller endå lenger? Dyrevelferd må dokumenterast gjennom forsking. Me kan ikkje gjere kostbare ombyggingar basert på kva enkelte grupper i samfunnet meiner er god dyrevelferd.

Bonden etterlyser meir vilje og kompetanse hjå rådgivarar og planleggjarar til å diskutere dyrevelferd i nye prosjekt. Sjølv bygde han eit tradisjonelt robotfjøs i fjor.

– Er du villig til å vurdere løysingar for ku og kalv om det kan dokumenterast betre dyrevelferd?

– Ja, eg vil jo gjere det som er best for dyra mine. Spørsmålet er til kva kostnad, og kor eg skal finne pengar til å finansiere eit slikt system. Bruk av ny teknologi medfører ofte ei abonnementsordning knytt til programvare, ei årleg ekstrautgift for bonden, i tillegg til investeringa. Me bønder må ikkje bli ei mjølkeku for samvirke og andre aktørar rundt oss, åtvarar Gilje.

Bonden er avgjerande

Gilje minner om at den viktigaste faktoren for god dyrevelferd er den enkelte bonde sin trivsel i kvardagen, ikkje offentlege krav og tilsyn.

– Me vert usikre på eigen kunnskap og kompetanse. Ein bonde som kjenner seg mistenkt av alle rundt seg gjer ein dårlegare jobb enn bønder som opplever tillit. Mange strevar åleine. Eg er redd me vil oppleve historier om bønder som ikkje orkar meir, ikkje fordi dei ikkje er dyktige nok, men fordi presset blir for stort, åtvarar Gilje, og etterlyser meir bondevelferd.