HØYR!

Opnar for gjødsel i år

feb 12, 2021 | Dessutan

Foto: Anne Lise Norheim

På sikt kan me ta i mot 60 prosent av gjødsla fra Jær-kommunane.

– Det er viktig å finna løysingar slik at bruk ikkje blir lagt ned, seier IVAR-sjef Ingrid Nordbø, og opnar dørene på gløtt for gjødselleveransar til biogassanlegget på Grødaland før året er omme.

Bothild Å. Nordsletten

Mange bønder kjenner uro etter at statsforvaltar og landbrukskontor har varsla skjerpa kontroll med spreieareal og gjødselplanar. Vissa om ei komande, strengare gjødselvareforskrift legg seg på toppen av det heile. Ingrid Nordbø er administrerande direktør i det interkommunale selskapet IVAR som driv Biogassanlegget på Grødaland på Jæren. Ho forstår uroa.

– Ja, det gjer eg. Husdyrbruket er viktig for landbruket på Jæren. Det er viktig å finna berekraftige løysingar på dei innstramingane av gjødselregelverket som kjem. Me må unngå at bruk blir lagt ned.

– I kva grad kan biogass-anlegget på Grødaland vera ei løysing for husdyrtette Jæren?

– Me har gjort berekningar og veit i dag at anlegget kan ta imot og laga biogass av store volum med husdyrgjødsel. Det har me god tru på at me skal få til. Husdyrgjødsel er ikkje det mest potente biogassråstoffet, men i kominasjon med andre råvarer i anlegget, slik som matavfall, får me ein god miks.

– Så kva tid «opnar butikken»?

– Me reknar me å kunna ta imot gjødsel iallfall for prøvedrift i år, men det står mykje arbeidet att knytt til å laga ein verdikjede for å få økonomi i handteringa av gjødsla på garden og transporten av gjødsla inn til anlegget. I tillegg leitar me ennå etter ein god metode for å nyttiggjera oss bioresten. Arbeidet framover handlar vel så mykje om det som skjer før og etter biogass-prosessen, som om det å laga gass.

– Norske husdyr produserer om lag sju millionar tonn gjødsel årleg. I Rogaland har me 30 prosent av dei kraftforkrevjande produksjonane, og 20 prosent av storfe og sau. Med andre ord mykje «drid». Grødaland kan behandla 15.000 tonn tørrstoff frå husdyrgjødsel i året. Kor mange bønder kan de eigentleg hjelpa ut av gjødselknipa?

– Berekningane så langt tyder på at me på sikt kan ta i mot om lag 60 prosent av gjødsla fra Jær-kommunane. Det står att å sjå kor mange som vil levera gjødsel til biogassanlegg. Nokre bønder har nok spreieareal, sjølv med skjerpa reglar, nokre justerer dyrehaldet til nye reglar, eller legg om og tilpassar drifta på annan måte.

Share This