HØYR!

Opplever tøff konkurranse

11. desember 2020 | Dessutan

Du må behandla juletreet som ein blomsterbukett

Kjøp juletreet ditt på torget eller direkte frå produsent, oppmodar juletreprodusent Atle Selvig.

Jane Brit Sande

Hjå Atle Selvig og Selvig Juletre på Randaberg er sesongen godt i gang. Frå juletregarden tilbyr dei både ferdig – og sjølvhogst av juletre.

– Me merker at juletrea skal i hus tidlegare og tidlegare. For mange er det ikkje lenger ein tradisjon å pynta det litle julaftan. Dei vil ha treet inn tidlegare, og heller få det ut før nyttårsfeiringa, seier Selvig.

– Hjå oss kjem juletreet i hus når kona og ungane vil det, seier han.

Selvig har kring 20 000 tre av sorten Normannaedelgran. På ein sesong sel dei vanlegvis kring 700 juletre. Og salet av juletre går også oppover, erfarer juletreprodusenten.

– Plasttrea la ein dempar på salet for nokre år sidan, men eg har lit til at ungdommen tar tak og droppar plasten. Dei trea varer heller ikkje evig, seier Selvig.

Juletreprodusenten seier at det er vanskeleg å halde juletreet fint i fleire veker i stova. Men han har likevel nokre stalltips.

– Er det kaldt ute, skal treet akklimatiserast ein dag eller to før det kan koma inn. Vel inne i stova, må du behandla treet som ein blomsterbukett. Hald det vekke frå varmekjelder, og syt for at det alltid er vatn i juletrefoten, seier han.

– Edelgran visner etter kvart, men det er sjeldan ho drysser. Det hender, sjølvsagt. Slik er det med naturen, ingenting er perfekt.

Vekstsesongen har gått greitt, i følgje Selvig.

– Det kan vere utfordrande med mykje regn. Det vil føra til utvatning av gjødsla, og trea tapar farge. Det har gått godt i år, og fargen fin, seier han.

Også skadedyra har halde seg unna.

– Det har vore lite lus og midd. Eg ser at det i staden er ein del marihøner, og dei har nok gjort ein god jobb for meg, seier juletreprodusenten.

Selvig har ei klar oppmoding til alle som skal ha eit juletre i stova:

– Kjøp juletreet ditt på torget eller direkte frå ein produsent. Det er utfordrande med konkurransen me får frå ulike kampanjar, seier han, og nemner særleg Coop sitt framstøyt.

– Før var det meir torgsal av juletre. På små stader, der konkurrentane har fått fotfeste, er dette heilt vekke. Det øydelegg for rekrutteringa til næringa, seier Selvig.

Stikkord denne saka: