YTRING

– Opptrapping nå

22. januar 2024

Tida er nå: Leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft meiner det trengst ein monaleg høgare mjølkepris. Og for at det skal realiserast, må det skapast handlingsrom gjennom importvernet, ein må flytta av kostnader ut av PU-ordninga og få kontroll på verdikjeda for mat. Blant anna. Foto: Privat.

Situasjonen er kritisk for mjølkebønder i alle distrikt og bruksstorleikar. Behovet for opptrapping i årets jordbruksoppgjeret er stort, meiner Ståle Hustoft. 

Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.

Alle signal frå mjølkenæringa viser det same bildet: økonomien er kritisk dårleg! Bønder slit med å betala rekningane, ber om raskare utbetaling av slakteoppgjeret og reduserer investeringar og vedlikehald til eit minimum. Når auka forholdstal gir oss høve til å produsera meir mjølk, er det unormalt lite respons. Det handlar om å halda skuta flytande fram til utbetaling av produksjonstilskot i februar, då kan ein ikkje pådra seg kostnader til kjøp av ekstra kyr eller fôr.

Eit middels stort bruk som har investert for ein del år sidan, og såleis har fått kontroll på gjelda, har eit OK arbeidsvederlag, men ikkje noko avkasting på all innskoten kapital. Eit bruk som nyleg har investert, og no har fått ei rente- og kostnadsauke i innflyttingsgåve, har negativt dekningsbidrag!

«Det er for dårleg totaløkonomi for bruk i alle storleikar, og for lite produksjonsstimuli for dei største bruka.»

Ståle Hustoft

Underskot, sjølvsagt

Det er ei varsla krise. Etter jordbruksoppgjeret i vår gav me tydeleg beskjed om at 2023 ville bli svært utfordrande, men at 2024 bør verta noko betre, med auka tilskot. Men tilskota som blir utbetalt om ein månad stimulerer ikkje til det me treng nå – auka mjølkeproduksjon.

Normalt skal mjølkeprisen vera ei stor nok gulrot til at bøndene produserer så mykje dei kan. Når mjølkeprisen og priskurva gjennom året ikkje lenger betaler kostnaden for den ekstra mjølkeliteren, blir resultatet økonomisk underskot for bonden og mjølkeunderskot for Tine.

Utfordringar for små og store

Med både Bollestad, Borch og Pollestad i ministerstolen, har prioriteringa vore små- og mellomstore bruk. Det har også vore naudsynt, det er her avskalinga har vore størst. Driftstilskotet og husdyrtilskotet for dei fyrste kyrne har auka monaleg, og ein har innført det såkalla pyramidetilskotet, for små og mellomstore bruk.

Det er for dårleg totaløkonomi for bruk i alle storleikar, og for lite produksjonsstimuli for dei største bruka. 

Alle verktøy på bordet

Fleire har rekna på kva som trengs for å gje mjølkebonden betalingsevne og framtidstru, og investeringsvilje for dei som må bygga om til lausdrift eller fornya ein nedslitne lausdriftsfjøs. Me ventar framleis på eit nytt og rett talgrunnlag. Men ingen er i tvil: behovet er stort.
Skal me auka mjølkeøkonomien tilsvarande fleire kroner per liter, må ein ta i bruk fleire verkemiddel: høgare mjølkepris, kontroll på kostnader og målretta tilskot.

«Dette er ikkje rette tida å gjera kraftfôret dyrare gjennom redusert prisnedskriving.»

Ståle Hustoft

La oss ta kostnadssida først. Dette er ikkje rette tida å gjera kraftfôret dyrare gjennom redusert prisnedskriving. Energimarknaden må kontrollerast slik at prisen på straum og drivstoff er låg og føreseieleg. Økonomien i Noreg må styrast slik at lånerenta stabiliserer seg, og på sikt går noko ned.

Me treng ein betydelegt høgare mjølkepris. For at det skal realiserast må det skapast eit handlingsrom gjennom importvern, flytta av kostnader ut av PU-ordninga og kontroll på verdikjeda for mat.

Treng kartlegging

Den siste veka har fleire vorte medvitne om at mjølka vår vert nytta til varer med dårleg tollvern, som f.eks. yoghurt. Aukar me mjølkeprisen så mykje som trengs, utan å gjera naudsynte skjermingstiltak, vil me missa eit stort volum. Allereie no balanserer me på ei grense. Det blir årleg importert mjølkeprodukt, med og utan toll, tilsvarande produksjonen på 500-1000 små- og mellomstore mjølkebruk. Aukar me prisen utover det me klarer å selja, kan me opna for endå meir import – med full toll.

Auka import fortrengjer norsk mjølkeproduksjon – små og store mjølkebruk i heile landet. Det kan me ikkje tolerera når me samstundes skal vera ei av dei viktigaste brikkene i distriktspolitikken og beredskapen i landet.

Handlingsrommet for prisauke på mjølka må kartleggjast og aukast!
Klarer me i tillegg å auka prisane på storfekjøt, vil det bidra til betre økonomi i dei øvrige storfeproduksjonane.

Når me ikkje får kostnadsdekning med produktpris, og for å ivareta distrikts- og strukturomsyn, må ein del av inntekta koma frå tilskot. Då må ein også sjå på dei produksjonsavhengige tilskota.

«Handlingsrommet for prisauke på mjølka må kartleggjast og aukast!»

Ståle Hustoft

Tine må frampå

Regjeringa skal levera ein opptrappingsplan for korleis og når inntektsgapet skal tettast i alle produksjonar, alle distrikt og alle bruksstorleikar. Dette skal skje med eit nytt og rett talgrunnlag, der eigenkapitalen vert gitt ei avkasting. Medan me ventar på talgrunnlag og opptrappingsplan, er det kritisk for mjølkebønder i alle distrikt og bruksstorleikar.

Skal me løysa dagens situasjon må Tine på banen for å auka prisane. Dei må òg vera tydelege på kva tiltak som må til for å styrkja lønsemda til alle mjølkeprodusentane.

Tett mest mogleg nå

I årets jordbruksoppgjer skal me forhandla om rammevilkår for 2025 – det siste året i denne stortingsperioden. Kravet burde kunne formulerast i ein velkjent setning: «Inntekt på nivå med andre, uavhengig av distrikt, produksjon og storleik.»

Oppgjeret i 2024 må tetta så mykje som mogleg innanfor dagens rammer. I tillegg må det leggast fram ein forpliktande og tidfesta plan for å auka handlingsrommet, slik at resten av inntektsgapet kan tettast i jordbruksoppgjeret 2025.

Ståle Hustoft
Leiar, Rogaland Bondelag