KRONIKK:

P står ikkje for perfekt

28. juni 2023 | Dessutan

Stor skilnad: Biletet viser kor stor skilnad det er på kvalitet i dei ulike slakteklassane. Illustrasjon: Animalia

Korleis kan me løfta dyrevelferda hjå dei mindre gode produsentane, og samstundes premiera dei som verkeleg brenn for sauene sine?

Tore Oftedal og Stian Espedal (Nortura), Leif Håkon Korsbø, (Prima Jæren), og Solveig Horve Bergsholm, (Fatland Jæren)

Alt småfeslakt som kjem inn til slakteria vert klassifisert etter EUROP-systemet. Kvar bokstav står for ein kvalitet, der E er best og P er dårlegast.
Dersom det står P på slakteavrekninga di, er det slakteriet sin måte å fortelja at slaktet ditt er for dårleg.
I 2022 vart det slakta 11.706 lam i ein P-klasse (P+, P, eller P-) i Noreg. Dette er nesten tolv tusen lam for mykje.
Spørsmålet vårt er difor: Kva er årsaka, og korleis kan me endra dette?

Trøbbel i systemet?

Triggar teljedato og tilskotssystemet slik det er i dag, dårleg dyrevelferd?
Du får same tilskot anten det er vaksne dyr, eller fjorårslam. Dette har ført til at mange spekulerer i å halda fleire dyr til teljedatoen, for å få ut meir tilskot.
Difor er det på tide å diskutere aktuelle tiltak:

  1. Bør me ta vekk tilskotet til fjorårslam, og heller leggja meir på vaksne dyr, slik at ikkje teljedatoen blir ei kvilepute for IKKJE å levera lam til slakt om hausten? Eller bør me redusera tilskotet på desse lamma, slik at det ikkje løner seg å halda dei over vinteren berre for å få tilskotet? Med dagens ordning kan slakteria faktisk risikera at det kjem inn for lite lam om hausten når det verkeleg er sug i marknaden, – og for mykje lam om våren, når ferskvaresalet er lågt.
  2. Kan slakteria til dømes trekkja noko ekstra i prisen på dyr i P-klassar, og heller premiera dei som leverer dyr i høgare klassar?
  3. Eller bør me vurdera å leggja meir tilskot på kvalitet, slik at flinke bønder med god dyrevelferd vert premierte? Vil det i så fall framelska dei kjøt-tunge rasane med høg avdrått, på kostnad av dei gamle, lettare rasane? Og vil det auka bruken av kraftfôr, slik at me får lam produserte på utanlandske ressursar i staden for på norske beiteressursar?

 Kva får varselklokkene til å ringa?

Ute hos bonden får me inntrykk av at dårleg dyrevelferd er eit resultat av manglande kunnskap og kompetanse. Men hjå ein del produsentar må me også stilla spørsmål om det er haldninga det skrantar på.
Alle kan vera uheldige med eit lam eller to, innimellom. Dette veit me. Det er ikkje der utfordringa ligg. Det er når ein produsent, år etter år, leverer sjuke eller tynne dyr til slakt at varselklokkene ringer. Og i så fall skal dei til Grødaland (kadaver), ikkje til slakteriet.
Varselklokkene kimer også dersom det brått kjem inn ei mengd dårlege dyr frå ein produsent, som vanlegvis leverer fine slakt. Då lyser alle lampar raudt. Først og fremst fryktar me at det kan vera snakk om ein bonde som slit med personlege problem. At vedkommande ikkje maktar å ta seg av dyra sine slik han eller ho bør gjera.
Som oftast viser det seg (heldigvis) at det i desse tilfella handlar om ein produsent som har fått akutt parasittangrep på flokken. At det har gått så langt at den beste løysinga er å slakta dyra, framfor å prøva å behandla.

Har du kontroll på makken og maten, er mykje gjort

Bonden må våga å spørja seg sjølv kva og kvifor?
Kvifor gjer eg ting slik eg gjer? Kvifor er ikkje dyra mine så fine som eg skulle ynskt? Kvifor behandlar eg mot parasittar når eg gjer det?
Svaret me ofte høyrer ute på bygda er: «Slik har me alltid gjort».
Då er det lurt å stilla seg spørsmålet: «Kva kan eg gjere annleis?»
Dersom du ikkje veit kva du kan gjere annleis, er det mykje god kunnskap å henta både på internett og frå flinke sauebønder. I dagens digitale verd kan du finna mykje god informasjon på til dømes www.animalia.no.
Du kan sjølvsagt også ta kontakt med rådgjevarane på slakteriet. Vår jobb er å vere tilgjengelege for bonden. Me ynskjer å hjelpa kvar enkelt så godt me kan, med det han/ho måtte ha behov for hjelp til!

Vil du nyta, må du yta!

Yta for å nyta – ordtaket er gyldig i mange samanhengar, men i dette tilfellet kom det frå ein dyktig sauebonde sør i Rogaland. Han veit at god dyrevelferd kostar, men også at det løner seg i lengda.
Ja, det kostar å gje dyra dine nok mat av god nok kvalitet. Det kostar å bruka tid på dyra. På kjøpa inn parasittmiddel. Og å gje ekstra mineral og vitamin, dersom dyra dine treng det. Det kostar å ringa veterinæren òg, dersom dyra er sjuke. Men det og skal gjerast likevel.
Nettopp difor er det viktig å vurdere om tilskotet burde vore høgare til dei som leverer fine slakt til rett tid. Tenk så mykje gildare det er å få eit slakteoppgjer som viser at strevet ditt kastar av seg.
Og som ein flink sauebonde på Jæren sa: «Me må vera stolte av å levera noko som folk ynskjer å kjøpa.» Det er nemleg den andre sida av saka. Slakteriet kan aldri trylle med dårlege råvarer. Det er ein kostnad for slakteriet, som fellesskapet til slutt må dekke. Fine dyr til slakt er viktig for økonomien i industrien – og påverkar til slutt bonden sin økonomi.

God beitesesong!