HØYR!

Pelsdyrkampen er ikkje over

Skal me gi drøymarane rett, vil me få problem her i landet.

– Me kan ikkje leggje ned ei lovleg næring fordi nokre få synest den er ubehageleg, fastheld ordføraren i Klepp, Ane Mari Braut Nese.

Sjur Håland

Formannskapa i seks kommunar på Jæren vedtok nyleg tilnærma identiske høyringsinnspel til Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med lov om forbod mot pelsdyrhald. Høgreordføraren i Klepp har slåss mot regjeringa sin intensjon om ei lov mot pelsdyrhald, heilt sidan Venstre fekk gjennom tilføyinga om avvikling i regjeringsplattforma for eit drygt år sidan.

– Hadde du tru på ei skrinlegging av lovplanane under regjeringsforhandlingane med KrF på Granvolden?

– Eg hadde eit håp om at det skulle vera mogleg å vippa saka over på pelsdyrnæringa si side. Kompensasjonsordninga som ligg føre er ikkje i nærleiken av å dekka kostnadane med avvikling. Eg hadde håpt at regjeringa ville sjå at dette blir for dyrt. Slik blei det ikkje. I fråsegna frå kommunane heiter det mellom anna at det ved ei eventuell nedlegging må leggjast til rette for kompensasjonsordningar som er utforma slik at ingen bønder sit att med gjeld frå verksemd som må leggjast ned grunna forbodet.

– I tillegg har Klepp streka under at fraktutjamningsmidlane for transport av pelsdyrfôr må gjelda i heile avviklingsperioden, seier Braut Nese.

Klepp kommune har kring 20 pelsdyrprodusentar, og er rekna som ein av dei største i landet på pelsdyr. Braut Nese held fram at mange har innretta seg slik at pelsdyrproduksjon er einaste alternativet på bruket.

– For andre er det ei tilleggsnæring som gjer det mogleg å leva av garden. Det er heilt ufatteleg at regjeringa vil fjerna denne lønsame næringa.

– Ordet «dersom» blir brukt i uttalen frå jærkommunane. Er ikkje norsk pelsdyrhald ei tapt sak – og bruken av «dersom» eit spel for galleriet?

– Då vil eg bruka ordtaket, It ain’t over till the fat lady sings. Siste stortingsvedtaket om pelsdyrdrift i overskodeleg framtid står framleis fast. Fram til endeleg avstemming om lovforslaget, skal me klamra oss fast til håpet.

– Fleire pelsdyrbønder arbeider med å gå til rettssak mot staten og meiner eit komande forbod vil vera i strid med Grunnlova. Kva tankar gjer du deg kring det?

– Eg skal følgja nøye med. Mine spørsmål samsvarar med saksøkjarane sine. Er det verkeleg greitt å leggja ned ei lovleg og ryddig næring grunna eit fåtal sitt ubehag?

– Me bur i eit land der eigedomsretten står sterkt og kor det blir lagt til grunn at folk skal greia seg sjølv. Eg spør meg sjølv om Norge kan stå for dette. Er svaret ja, er det andre bransjar som vil slita framover, både i landbruket og i for eksempel oljebransjen. Skal me gi drøymarane rett, vil me få problem her i landet.