HØYR!

– Pengane er ikkje tapt

22. mai 2020

Særleg bønder som har slutta vil ha pengane tilbake

Genial då den vart innført, men skapar frustrasjon og uro no, seier Willy Finnbakk om medlemskapitalordninga i Nortura. Han tok til orde for å betala tilbake pengane i sitt innlegg under årsmøtet.

Jane Brit Sande

På Nortura sitt årsmøte fremja regionsleiar for Agder og Rogaland (Agro), Willy Finnbakk, forslag om å likevel tilbakebetala medlemskapitalen frå 2010. Ordninga må få ein ny gjennomgang, og anten forbetrast eller avviklast, sa Finnbakk i sitt innlegg til årsmøtet.

– Ordninga med avsetnad på medlemskonti og rullerande eigenkapital var genial då den vart innført. Den redda eit samvirkekonsern som var i kneståande med anstrengt økonomi og manglande eigenkapital, seier Finnbakk til Bondevennen.

Han meiner at ordninga har blitt ei belasting som har skapt mykje støy og frustrasjon blant eigarane.

– Det var uro i 2010 også. Mange bønder melde seg ut i protest mot ordninga. Men fleire av desse har kome tilbake til Nortura igjen. Me er fleire eigarar no, enn me var den gong, seier regionsleiaren.

Styret var opphavleg innstilt på tilbakebetaling i år. Det totale medlemskapitalbeløpet er på over 62 millionar kroner. Meldinga om tilbakebetaling har vore godt motteke på kretsmøtene.

– Særleg bønder som har slutta vil ha pengane tilbake. Mange vart skuffa då styret, som eit av dei første grepa i korona-krisa, trakk tilbake innstillinga om tilbakebetaling, seier Finnbakk.

Styret i Nortura held altså fast ved si avgjersle om å halde igjen medlemskapitalen frå 2010. Dei legg til grunn at det er for stor uvisse om kor store kostnadspådraga vil bli på grunn av koronakrisa.

– Mange bønder er tynga av gjeld og stram økonomi. Det plagar meg. Bøndene er tynte heile tida, og eg forstår godt at grasrota kjem med ønske om tilbakebetaling. Samstundes forstår eg at konsernet må tenka på konsernet, seier Finnbakk.

– Kvifor kan ikkje bønder som har slutta få pengane tilbake?

– Juristar har jobba mykje med nettopp dette spørsmålet. Samvirkelova seier at alle skal behandlast likt. Dersom styret legg fram forskjellige kriterium for å få tilbakebetalt pengane, er det forskjellsbehandling. Derfor lar det seg ikkje gjere, seier Finnbakk.

Innskotsbeløp produsentane har ståande på kapitalkonto, avheng av kor mykje slakt ein har levert. Produsentar med fleire store produksjonar på garden, har høge beløp ståande fastlåst.

– Det er mykje frustrasjon og irritasjon knytt til dette. Men pengane er ikkje tapt, dei står fortsatt på konto, seier Finnbakk.