MOLDROK – om mold, mat og landbruk

Plenen er ingen ørken

11. mars 2022 | Dessutan

Ikkje kims av plenen: Det er full grunn til å granske kor mykje plenarealet kan legge til i karbonbudsjettet her til lands. Foto: Istock

At beiting kan bety å lagre karbon, har mange husdyrbønder fått med seg – men det skjer òg i plenen, om vi skjøttar han vel.

Åsmund Bjørnstad
er professor emeritus i planteforedling ved NMBU. I tillegg skriv han bøker og dikt.

«Monokultur» er eit eintydig negativt ord. Legg til «plen», så blir det skikkeleg stygt for mange øyre. Plenen er ein unyttig grasflekk, ikkje er den natur, ikkje lagar den mat og ikkje nektar for insekt, og vakre blomster blir meia ned av stadig klypp. Plenen er derfor ein «insektørken ». Pryd heller hagen med ei vakker blomstereng!
Omsut for insekt er vel og bra, og villblomar er til glede for dei og auga – så lenge dei blømer. Men ville gras og kløver vil setje frø, dei blømer i tide styrt av daglengda. Ved forsiktig og tidleg slått kan ein rett nok forlenge denne sesongen, men på ettersommaren gler dei verken auga eller insekta lenger. Derfor er gjerne blomsterenga finast i opne og tørre bakkar, der plantene konkurrerer lite med kvarandre. På feit leirjord kan det gå som for botanikaren som ikkje likte hagearbeid, enga blei reinbestand av hestehov og åkertistel.

Jau, insekta får sitt

I ei eng, derimot, slåst gras og kløver i høgda. Blom og frø får vente til juli og sidan. For grassortar tilpassa liv i plenen gjeld det å konkurrere godt om plassen, dekke godt gjennom over- og underjordiske utløparar og busking. Så kjem plenklypparen, og graset svarar med nye sideskot og ny rotvekst, heile sesongen frå mai til oktober. Det same gjer kvitkløveren. Med utløparar breier den seg, og med djupe røter får den tak i vatn og vinn når graset tørstar. Kløveren bind også nitrogen frå lufta, som graset får glede av sidan. Dessutan får insekta sitt, kvitkløver er ofte misforstått mislikt av hageeigarar redde for stikk. Plenen er eit svært dynamisk system vi kan fremje med klok skjøtsel.

Tipp topp klimaregulator

Ein annan irritasjon er at plenen med åra breier seg over hellene i hagen. Den driv nemleg med noko svært moderne, den lagrar karbon. I regenerativt jordbruk gjeld det å overføre mest mogleg karbon frå lufta til banken i jordsmonnet. Dette gjeld særleg der open åker over lang tid har redusert moldinnhaldet. I kornkammeret i indisk Punjab har mange tiår med vekslinga kveite-ris-brakk, pluss pløying og brenning av halm, redusert moldinnhaldet. Ved å erstatte brakk med ein kort sesong med bønner sådd i stubben, plogfritt, auka moldinnhaldet med 25 prosent på seks år – og sparte energi til pløying og gjødsel. Det er ei berekraftig intensivering. Det same skjer i grasmark, inntil det etter ein del år blir likevekt mellom oppbygging og nedbryting. Fjellbeite med moderat beitetrykk legg på seg meir karbon enn utan beiting eller sterk beiting. Ein del bønder prøver nå ut dette.
I rapporten «Karbonlagring i norske økosystemer» (NINA 2020) får «opne landskap» positiv omtale. Ei natureng kan i blant lagre meir karbon i jorda enn skog. Der er typisk 75 prosent lagra i trea m.m. over jorda. I ei eng er det opp-ned, med ei tilsvarande mengd i røtene. I ei gransking frå Dovre fann ein at ei fjelleng lagra dobbelt så mykje i jordsmonnet som eit vier-kjerr, med lynghei midt i mellom.

Golf’arane bidreg

Kva landets plenar bidrar med, nemner NINA ikkje, men her finst utanlandsk forsking. Villaplenar i Virginia, USA, hadde om lag same karboninnhald i jorda som eikeskogen ikring. Vi må då legge til dei 30-40 prosenta som finst over bakken, men likevel er det lovande. Data frå heile landet tydde på ei samla lagringsevne som må med i rekneskapen. Villaplenar og til og med golfbanar lagrar karbon, og med intensivt stell – gjødsling, vatning, ugras – kan dei legge på seg i 30-50 år. Men å klyppe krev jo bensin, kunstgjødsla krev naturgass og vatningsanlegga sitt. Korrigert for dette kan det likevel vera netto lagring i anslagsvis 50-100 år. Her er store variasjonar, der plenar med kontinuerleg vatning i det tørre California kjem i minus.
Kva med i Europa? Ein hundre år gamal engelsk park fekk gjort opp sin klimarekneskap. Der lagra dei 14 måla med plen årleg dobbelt så mykje karbon i jorda som dei 67 (store) trea. I hekkane og blomsterbeda gjekk lagring og fjerning opp i opp. Heile parken lagra 8,2 tonn karbon i året, korrigert for 1,5 tonn utslepp på grunn av stell. Parken har nå ein null-utsleppsplan.

Mangfald teller

Nettopp stellet betyr mykje: kor ofte ein klypper plenen, høgda på kniven og fjerning av graset etterpå, gjødsling, vatning, ugrasmiddel osb. Rett val av gras- og kløvertype gjev dessutan stort spelerom. Det danske firmaet DLF – verdas største innan foredling av gras – tilbyr nye sortar av enggras valde ut for stor rotmengd og god karbonlagring. Til plen kan ulike artar variere tifald, og ein typisk plenfrøblanding er sett saman av tre-fire ulike artar (ingen «monokultur», altså). Dette gjev tilpassingsevne i tilfelle frost, tørke osb. Ein spesielt utvald «mikro-kløver» er så lågvaksen at den går under klypparhøgde. I England lagrar den inntil 15 kg nitrogen på målet i løpet av ein vekstsesong frå april til oktober. Dessutan gjer blandinga av gras og kløver at sesongen blir lenger, og dermed kan plenen lagre ekstra mykje karbon. Mikrokløver er ennå ikkje prøvd her i landet.

Byens savanne

Plenen er altså langt frå ein «ørken», og sjølv eit slikt kunstig økosystem kan vi gjera svært produktivt. Vi må ikkje gløyme at plenar og parkar «leverer» andre «økosystemtenester», både estetisk og som «grøne lunger». Parkar er byens savannar og fristader. Dei minskar både ureining, lagar oksygen, svalar temperaturen og gjev ly frå sol og støy. På fotballbanar er grasmatta ein eigen vitskap. DLF har grasvariantar med mutasjonen «stay-green», så grønfargen varer sjølv om graset har slutta å gro om hausten (den same skil grøne frå gule erter). Andre er vald ut for å stå i skugge på store og halvt overbygde fotballstadion. Heldigvis er det mykje meir merksemd om dette, ikkje minst på grunn av innsatsen til Plengrasgruppa ved NIBIO Grimstad.
Det er altså full grunn til å granske kor mykje plenarealet kan legge til i karbonbudsjettet her til lands.